Endeleg: Nynorsk litteraturhistorie

Jan Inge Sørbø er mannen bak verket. Foto: Samlaget

Neste veke kjem verket "Nynorsk litteraturhistorie", frå Ivar Aasens tid til i dag. Jan Inge Sørbø er forfattaren bak, og han presenterer meir enn 150 forfattare.

Du møter mellom anna Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som andre forfattarar som fortener merksemd, gamle og nye.

Det er første gong det kjem ut ein samla presentasjon av den nynorske skjønnlitteraturen, og boka kjem ut i samband med 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget.

 

Les Jon Fosses hyllest til jubilanten Samlaget

Nytt perspektiv

«I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur», skriv forlaget om boka, og held fram: «Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Forfattaren i arbeid: Jan Inge Sørbø

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.»

Les også: Gratulerer med dagen, Samlaget 

Forfattaren

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har skrive fleire skjønnlitterære bøker. Han har også skrive bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland, og Arne Garborg.

 

Les også: Samlaget feiret 150 år