Eit akkurat absurd nok univers

Anna Folkestad (Foto: Bodil Haga)

BARNEBOKPROFILEN: – Det var veldig gøy å leite fram eit univers akkurat absurd nok til at ein ikkje stussar på at alle synest det er heilt ok at eit born flyge rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboks-rakett, sier Anna Folkestad.

Anna R. Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And. Året etter fekk ho tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris for 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Denne hausten er ho aktuell med nok ei humoristisk og lett absurde forteljing.

 

Forfatter: Anna Folkestad

Aktuell med: Fiskebolleboks-raketten (Samlaget)

 

 

 

– Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Med Fiskebolleboks-raketten boka ville eg lage ein gøy historie med noko litt viktigare som lurer under der, utan at det vert for påtrengane sjølvsagt.

– For boka handler jo eigentelg ikkje berre om å ikkje ville reise rundt månen i ein heimelaga fiskebollebtoks-rakett. Den handlar om å våge å snakke saman, våge å seie det ein verkeleg meiner og vil. Ikkje berre gjere ting fordi ein enten trur andre vil at ein skal gjere det eller at ein trur kanskje ein sårer andre ved å ikkje gjere som ein trur dei vil at ein skal gjere eller….ser du, det vert berre mykje surr.

– Det var veldig gøy å leite fram karakterar og eit univers akkurat absurd nok til at ein ikkje stussar på at alle synest det er heilt okidoki at eit born seier at det god kan ta på seg jobben med flyge rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboks-rakett.

Tre barnebok-favoritter:

– Er vanskeleg å berre plukke tre, det er jo så mange som ikkje får vere med då. Og tenk om eg gløymer nokon som eg VERKELEG ikkje burde gløyme. Jaja, here goes.

  1. Hullet – Øyvind Torseter
  2. En skrue løs – Rune Markhus
  3. Hysj – Magnhild Winsnes

Sjekk ut:

Estragons Historier – Rottefangeren fra Sorø av Gaute Heivoll med ill. John Kenn Mortensen. Kan også sjekke ut bok to i denne serien: Estragons Historier – Himmelmannen.

Hvordan jobber du?

– Sånn heilt praktisk så jobbar eg alltid først med blyant og papir. OG post it lapper. For å lage meg eit system på ideen og lett luke vekk ting som ikkje treng vere med og putte på nye idear. I starten på ein ide (også undervegs i prosessen)  bruker eg å lage ein liten video til meg sjølv der eg viser kor langt eg er komen og kva som må gjerast. FOR om eg seinare i prosessen føler at eg ikkje kjem noko veg eller sit fast, så kan eg sjå på ein av dei videoene eg har laga tidlegare, og tenkje at DÅ hadde eg ikkje fått gjort NOKON ting. Også vert eg motivert av det. Eg ser at, jo visst, hadde kome nokon veg likevel.

– Slik idemessig jobbar eg (med tekst og teikningar stort sett samstundes) enten rundt ei hending eg vil at skal skje i historien, også må resten av historien og karakterane kome ut fra den. Eller så jobbar eg rundt ei kjensle som eg vil at lesaren skal sitje att med. Eller så dukkar det opp ein karakter i skisseboka mi også må eg finne ut kva for ein luring dette er, og om den har noko å seie. Mest truleg står den berre der og fjonger seg. (Det er mange av dei nemlig.)

– Din egen favorittillustrasjon?

– Er det snakk om ein illustrasjon som eg har teikna sjølv? Tolkar det slik eg, ellers vert det jo dritpinleg om det eigentleg var nokon andre eg skulle velge…altså det orkar eg ikkje.

– Eg set ein begrensning om at den må kome frå Fiskebolleboks-raketten boka, berre for å gjere det litt lettare for meg sjølv. Og då må det verte oppslaget då Ragnhild Franzen tenkjer seg godt om.

– Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Muligens Trollkrittet av Zinken Hopp. Det var ei bok som var i bokhylla mi leeeenge, men som eg berre ikkje forstod meg på. Eg fekk mamma eller pappa til å lese den for meg, men eg var nok litt for ung då dei las den, for eg skjøna ikkje noko av kva som hende. Då eg vart litt større og fann ut eg skulle lese den sjølv, men teksten var satt så rart satt opp. Eit slags kolonnesystem. Så eg skjøna ikkje noko då heller. Men eg bladde i den ofte. Illustrasjonene var så annleis enn i dei andre bøkene eg hadde, at eg var sikker på at historia måtte vere gøy men fra mi side, umulig å få tak i. Kanskje det er difor eg prøver å lage bøker som er tilgjengelege for lesaren?

– Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Mumimamma – ho er nok ganske fin å berre vere til stades saman med.

– Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg  tenkjer det hadde vore gøy å vore ein karakter i Barbafamilen eg. Dei kan jo bli kva det måtte vere! Barba-Anna. Kling bra det.

– Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– For meg så må den innehalde ein karakter som ein bryr seg om, og som ein har lyst til å lese om lenge og mange gonger. Og ein historie som ein lurer på korleis ender, eller som ein vil vere med karakteren på reise i. Og sjølvsagt veldig gjerne humor og øveraskingar i dialog eller ting som skjer.

– Når eg les ei verkeleg god barnebok vert eg innmari begeistra og får ei kjensle av at akkurat denne boka ikkje kunne vore på noko anna vis. Alt stemmer, den er nett slik den skal vere. Som ein skikkeleg god drops.

– På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Eg er klar for alle stadar med magi! Så det vert definitivt Harry Potter.