Kortreist haustliste

Forlagssjef i Skald forlag, Simone Stibbe, er klar med håndplukket høstliste. (Foto Oddleiv Apneseth)

SKALD-BOKHAUSTEN: – Pandemien har vist oss verdien i det nære, det kortreiste, det vi har rundt oss, og haustlista til Skald gjenspeglar dette på ein variert måte, sier forlagssjef Simone Stibbe.

Vi har allerede gitt atskillig gløtt inn i bokhøsten, trukket frem hete utgivelser og anmeldt et par dusin nye bøker, men: De neste dagene og ukene skal vi også bla oss gjennom forlagenes bokhøst og gi dere lesere en bok-tapas fra hvert av forlagene. I dag skal vi høre fra vestlandsforlaget Skald.

– Vi har jo ei ganske så handplukka liste, så dei fleste klarar nok å merke seg dei fleste frå haustlista. Men skal eg plukke blant våre bokbarn i haust, må det bli Dyrk enkelt i drivhus av Maria Berg Hestad, Vestlandet – ei tidsreise av Pål Hermansen og Den vesle boka om Bitcoin av The Bitcoin Collective, sier Simone Stibbe, forlagssjef i Skald forlag.

Dyrk enkelt med drivhus er den nyaste boka til hagebloggar Maria Berg Hestad etter braksuksessen Dyrk enkelt i fjor. Her kjem ho med gode tips til korleis du enkelt kan komme i gang med drivhusdraumen uavhengig av storleiken på lommeboka. Ho viser oss korleis vi med hjelp av eit drivhus kan forlenge sesongen i begge endar – og hauste saftig spinat og rotgrønnsaker heilt til jul!

Vestlandet – ei tidsreise av den prislønte naturfotografen Pål Hermansen tek oss med på ei reise i fotspora til dei tidlege landskapsfotografane, på leit etter storslagne motiv. Langs dei gamle turistvegane møter vi fossar, fjordar, fjell og bygder på Vestlandet. Dei nye fotografia til Hermansen viser oss korleis stadene har endra seg sidan dei først vart fotograferte i den norske turismens gryande barndom, og boka gir inspirasjon til å gjennoppdage Vestlandet.

Den vesle boka om Bitcoin, omsett av Bitcoin-ekspert Svein Ølnes, forklarar fenomenet Bitcoin på ein enkel måte, samtidig som vi får eit innblikk kvifor ein slik «demokratisk» valuta er vikitg for yttringsfridomen og fridomen verda over. Dei fleste har nok høyrt om Bitcoin og kryptovaluta i samband med kriminalitet, mens rettferdigheitsprinsippet som valutaen er basert på er mindre kjent.

Gjenspeilar det kortreiste

– Pandemien har vist oss verdien i det nære, det kortreiste, det vi har rundt oss, og haustlista til Skald gjenspeglar dette på ein variert måte, sier Stibbe.

– En «skjult skatt» eller annerledes-utgivelse?

– Praktboka Fargerik kulturarv av den norske interiørdesignaren Gunvor C. Røkholt er bokstavleg talt ein skjult skatt på boklista i haust. Røkholt er ein av dei mest profilerte interiørdesignarane i landet. Ho har dei siste åra arbeidd mykje med prosjekt som tek vare på norsk kulturarv gjennom bruk, varsam turisme og kortreiste opplevingar. I boka samlar ho nokre av dei og viser fram interiørdesign i verdsklasse.

– En fersk forfatter det er verdt å merke seg?

Han er kanskje ikkje fersk forfattar, men debuterer som omsetjar av nobelprisvinnar William Faulkner i haust: Sivert Nesbø har imponert redaktøren for Skalds klassikarserie med sin elegante omsetjing av Framom døden (orig. As I lay dying). Verket eit av dei fire mest sentrale i Faulkners litterære produksjon.