Ein kniv gjennom dagane

Siri Økland (1967 - 2021) (foto: Marita Aarekol)

Siri Økland har ei ganske konvensjonell diktsamling i haust.

I minnet dukkar det opp eit par diktbøker frå dei siste åra som alle handlar om død, men til forskjell frå denne boka, granskar dei døden etterpå, sorga, si eige, over andre. Eg tenkjer på Åstedsblomster av Torgeir Rebolledo Pedersen (som denne boka er forbløffande lik på omslaget), Det er berre eit spørsmål om tid av Eldrid Lunden og ikkje minst Det är hjärtat av Bodil Malmsten som kom i 2015, medan ho sjølv hadde kreft og det er også staden Siri Økland gir ut Den tid, den song frå. Økland har fortalt i media at ho har brystkreft med spreiing og lever på lånt tid. 


Siri Økland:
Den tid, den song
Skjønnlitteratur
Samlaget
60 sider

Kva slags bok vel ein å skrive da? Tittelen er ein variasjon av omgrepet «den tid, den sorg» og ein song er jo ein klassisk forteljarsanger, soge med ein start og bodskap.

Siri Økland har ei ganske konvensjonell diktsamling i haust. For kva ville du gjort i same situasjon, anna enn å sjå tilbake og prøve å knyte saman hendingar, slektsband, gjenstandar, minne og refleksjonar? Å vere rasande, skulda på nokon, Gud eller legar, er nærliggande. Siri Økland er i den reflekterande fasen og boka er vellukka på fleire plan.

Kniven som kan alt

Kniven er eit gjennomgangsminne i denne boka, ein tveegga gjenstand, veit vi: Han er mest til nytte, men kan gjere skade. Her dukkar kniven opp i diktet Skjerpa. Kniven kan spretta bøker (høyr born, det var slik før i tida, ein måtte skjere opp sidene i visse bøker med kniv. Varsamt, beherska. Det var slik i tida da Siri Økland vaks opp med sin bokskrivande- og lesande far, Einar Økland). Kniven kan sløya fisk. Kniven kan skjere ein kropp for å prøve å gjere han frisk, being bad for good, baby. Siri Økland seier det slik:

denne tidlege / omgangen med kniv / lærte meg noko om / kraft og motstand / og kor lite som skal til

Raseriet kjem fram i forma

Kniven er også med her i diktet Slik:

Stille går

eg under,

ikkje fort,

men på den

tida det tar

for ei brur å

spretta opp

saumane

på kjolen

ho likevel

ikkje skal

gifta seg i.

Oppsettet av dette diktet skil seg ut i samlinga. Kvar linje er bestemte, harde stikk eller kutt med noko skarpt.

Tilløpet til språkleg raseri finns gjennom heile boka, men noko dempar det. Er det vestlandsfornufta? Noko vi alle har i oss, men som vi ikkje veit om før vi er der diktaren har vore i fleire år? Forsoninga med det som må kome?

Som lesar skulle eg ønske det var enda fleire farlege dikt som dette. Kanskje er også dét ein uvitande impuls: Kanskje ser døden heilt annleis ut når du har forstått beskjeden og er tvunge til eit kompaniskap med han.

Det er ei avdeling med fem like lange, nummererte dikt som heiter Tidsforskjell midt i boka der ein gjerne plasserer avgjerande dikt som kan snu, opne eller utvida ei samling. Desse er ikkje av dei sterkaste dikta. Økland har flotte observasjonar andre stadar. Barneerfaringar, men som ser klarare ut i konteksten Den tid, den song gir. Ubekymra lukke – og fare. Til dømes:

På bagasjebrettet / fins berre fart / og ein rygg i dongeri

Økland hogg til

Eg har valt ut opningsdiktet Bør fordi det både er premisset for dei andre dikta og presentasjonen av tema. Diktet startar med at ho kjem frå ein samanheng. Legg merke til korleis Siri Økland hogg til med aktive handlingar i dei midterste versa, som for å visa oss at det ER vondt, det ER hardt, håplaust, det ER i kroppen, det er også ein fysisk sjukdom og ei nedbryting. Så vel ho likevel i siste vers å sette dette livet inn i ein samanheng, som ei slags frigjering.

 

BØR

frå barndomen blir

ingenting overlevert

som ikkje er festa i vegg

eller ankra i jord

 

umerkeleg skavar

me av oss hud

til me blir smalare

kappar ribbein

til me blir smidigare

 

lydlaust smyg

me oss ut av

linlenker handsydde,

hampetau slegne

av slekta så lang

 

ut reiser me så

med dogg

om leggane

og eit lodd

i lomma som

me ein gong skal

støypa om

og gøyma i våre

eigne barns sko