– Eg er litt søkjande, og det påverkar korleis eg les

FEM FAVORITTAR: Mette Karlsvik held seg til norske - og ein islending. Foto: Tove K. Breistein.

– Ein sånn grad av sosial innstilling og nysgjerrigheit på medmenneska har eg ikkje vore vitne til sidan eg hang med rånarane på kaia i Kristiansund, seier forfattar Mette Karlsvik. Kva bok snakkar ho om?

Mette Karlsvik fekk Tarjei Vesaas´debutantpris for debuten  Vindauga i matsalen vender mot fjorden i 2005, men det er mange bøker sidan no. Ho gir ut romanar ut på Samlaget, men siste bok er teikneserieboka Spore på magikon i 2018. Her gir ho sine fem favorittar:

Mette: Er det lov å komme med nokre førehald og forklaringar?

BOK365: Jau då, vi er ikkje så strenge. 

Mette: Då vil eg seie ifrå at det blir litt tilfeldig, dette. Eg er litt søkjande, og det påverkar korleis eg les. Det er ikkje nødvendigvis dei beste bøkene eg tilrår, men dei som gir meg litt Janis Joplin røynsle, som jenta i Ingvild Rishøys novelle The life and death of Janis Joplin fekkNovella til Ingvild handlar om ei jente i formativ alder, tenåra, som kanskje ikkje har den største sjølvtilliten. Så skjønner ho «kven ho er». Ho oppdagar at ho er litt «tvillingsøster» til Janis Joplin. Nokre gongar finn eg litterære røyster som gir meg ein sånn fellesskapskjensle. For tida skjer så ofte at eg innser at eg anten treng å lese meir og slutte å bli så glad i dei bøkene eg les. Eller å legge bort litteraturen heilt for ei stund og finne meg sjølv.

BOK365: Køyr på.

(1) Mange av Jon Kalman Stefanssons romanar fordi han står på skuldrene til så mange, kanskje særleg Halldór Laxness, og er likevel sin eigenherre, og ser langt. Forteljaren i den siste boka, Historien om Àsta, har blikket til eit fyrtårn plassert høgt over Faxaflói. Han ser frå Stavanger og eit nyrikt Noreg, til Reykjavik pre boom og doom. Forteljarens blikk slyngar seg rundt som fyrlyset, elegant men brått og presist.

(2) Lars Svisdal vann Tarjei Vesaas debutantpris for Seg til inkjes, og skriv avansert men artig, og med eit psykologisk djup. Han har eg stor tru på. Men idet eg skriv dette, minnast eg det enorme inntrykket ein annan debutant gjorde på meg: Carl Frode Tiller, med Skråninga. Den kombinerer godt språk, viktig tema og smart og svært gjennomarbeidd disposisjon og form.

(3) Steffen Kverneland er ein ekte renessansetype. Nestor på sitt spesifikke fag (illustrasjon) og samtidig skikkeleg flink på fleire andre fag (litteratur og biletkunst). Ein stor analytikar, og difor ein som utveklar seg lynraskt, og som set premissa for kva den verdas beste dokumentariske teikneserie kan vere.

(4) Kyrre Andreassens Forøvrig mener jeg at Khartago bør brennes. Ein infernalsk genistrek. Ekstremt ubehageleg og klam, som det jo blir når ein er på innsida av ein sjuk mann. Veldig godt løyst. At den ikkje vann Brageprisen var ein skandale.

(5) Alle Ingvild Rishøys novellesamlingar fordi øyrene dine faldar seg ut som svære natteblomer fordi du høyrer at forfattaren sjølv har lytta seg fram til dette. Ein sånn grad av sosial innstilling og nysgjerrigheit på medmenneska har eg ikkje vore vitne til sidan eg hang med rånarane på kaia i Kristiansund. Ekstremempati.

BOK365: Takk for tips!

Mette: Og så Jan Grues siste da. Og den er spesifikk og universell (lokal/ global), artig, alvorleg, rystande og eg grein av slutten.

BOK365: Men du sa jo at du tok skjønnlitteraturen i denne runden.

Mette: Ja, eg gjorde jo det.