Effektivt om familieband

NY ROMAN: Olaug Nilssen har fått Doublougprisen for forfattarskapet sitt og er aktuell no i haust. Foto: Bent R. Synnevåg

BOKMELDING: - Rå og rettfram prosa. Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov.

Når arkeologar eller andre grev fram vår tid og skriftene vi la etter oss på 1990- og 2000-talet, vil dei finne familie, familie og enda eit par variantar av familieskriving. Når ein trur at eit mellommenneskeleg tema og drama er «godt nok dekka» av forrige romanforfattar, kjem ein ny med eit verdifullt blikk og ein skrivestil som held lesaren i romanen, for det er i hovudsak romanar.

Olaug Nilssen fekk Brageprisen for Tung tids tale i 2017. Romanen handla om margslitne foreldre og den autistiske Daniel. I årets roman, Yt etter evne, få etter behov, heiter den autistiske sønnen Benjamin og familieforholda er endra. Benjamin er son av Lea, men Lea er sliten, snart oppbrukt og utbrent. Ho har gitt frå seg omsorga for guten til si søster Rakel.


Olaug Nilssen:
Yt etter evne, få etter behov
Skjønnlitteratur
Samlaget
192 sider

Lea og Rakel kjenner vi frå bibelen. I gammeltestamentet er Rakel dotter av Benjamin, altså ho står under han, og slik kan ein også lesa relasjonen med Benjamin: Alle står under han i den tydinga at ingen klarar å handtera han. Ipaden kan det, men ellers får vi høyre stemmene til både Petter (i hjelpetenesta), søstrene Rakel, Lea og Linda og foreldra Gudrun og Sverre). Sistnemnte slit med å sette grenser for seg sjølve, dei klarar ikkje innrømma at dei er aldrande, slitne og ikkje får til samveret med dette barnebarnet.

Vi er inne i ein hardt prøva familie her, og Olaug Nilssen har gitt dei forskjellige familiemedlemmane eigne eg-forteljingar. Grepet fungerer godt fordi det flyttar handlingen, anten ein no ser framover eller bakover. Kvar forteljing gir oss meir innsikt i kor sterk ringen som skal halde Benjamin på plass og fornøyd må vere. Premisset for romanen er at Lea ikkje klarar meir og er «det svake leddet» i kjeda, men hva skjer når Rakel, det presumptivt sterkaste leddet i denne kjeda plutseleg ikke er der når Benjamin kjem?

Kollektivromanen frå Olaug Nilssen er drivande prosa utan motstand i språket eller strukturen. Det er ikkje ei meisterleg språkleg øving, eller meint å vere det. Yt etter evne, få etter behov – tittelen er ei slags hånleg helsing til velferdsstatsarkitektar – er rå og rettfram prosa som er vanskeleg å sleppe fordi romanen seier noko om familiar og relasjonar. Både dei med diagnostiserte som Benjamin og dei som har andre utfordringar i kvardagane.

VIDAR KVALSHAUG