Drama dekt av greiner og blad

STIKK IKKJE: Debutboka til Helga Songøygard Battin kjem ikkje under overflatene. Foto: Oda Berby

Romandebut med dårlege vekstforhold for både menneska og den stikkande rosehagtornen frå gartneriet.

Helga Songøygard Battin er ein av årets tidlege debutantar, og ja, det handlar om barn eller ikkje også i 2020-litteraturen. Det vil seie, valet mellom barn eller ikkje,  er noko av det som ligg mellom sambuarane Tilia og Adrienne. Dei bur i leigd hus høgt i eit dalføre, er vegetarianarar, har andre homofile par i nærleiken, deltidsjobbar, ei viss omsorg for planter og vekstar og dei lever ellers eit moderne MDG-liv på den norske landsbygda.


Helga Songøygard Battin:
Rosehagtornen
Skjønnlitteratur
Samlaget
234 sider

Idyll er det på eitt nivå, men idyll er sjølvsagt ikkje når alt kjem til alt i romanar. Ubalansen mellom den atthaldne Tilia og den dominerande Adrienne er openberr, men tar tar lang tid før konfliktene startar å vikle seg ut i denne romanen, like lang tid som det tar å få visse tre og planter til å bløme. Når konflikta først kjem ordentleg opp, er det mas, mas, over heile linja (om barn og barnebarn). Før dette kjem, har vi vore gjennom ein heil hage av metaforar for to som ikkje har det bra nok: Syrinar som blir klipte slik at sommarlukta forsvinn. Ein rosehagtorn frå gartneriet som stikk dei som kjem nær og som blir plassert i Tilias og Adriennes hage der den ikkje trivs. Sjølve gartneriet, veksthuset, blir også eit bilete på forholda heime: Der jobbar Karin, som interesserer Tilia meir enn normalt. Tilias avleggarar som blir delt rundhåanda ut, men som får blomar hos andre folk, berre ikkje der ho bur.

Duft av kjærleik

Naboen, Gjermund, er ein to meter høg brande med hòlete tøy og dårleg personleg hygiene, ein klassisk hillbilly i beskrivinga, men han får ein sentral plass i historia. Gjermund er ein karakter som utviklar seg.

Ei kjærleikshistorie opnar seg mot slutten av boka. Ho ligg i lufta lenge og blir antyda, og kanskje er det denne historia som får ein vaksen til å ta ei avgjerd for dei to i huset som ikkje klarar ta avgjerda sjølv?

Tett i tett med metaforar 

Mest er dette ei samling metaforar av ulike slag, slik diverste vekstar finn saman i ei eng. Det er vanskeleg å bygge ein stor roman på det usagte og på premisset den verkelege konflikta er såpass vanleg som spørsmålet om to vaksne på over tredve år skal skaffe seg barn eller ikkje.

Helga Songøygaard Battin kjem kanskje sterkare tilbake med eit meir fokusert verk ein gong. Ideen bak Rosehagtornen, skogen av nærhagemetaforar er slett ikkje dum, men konflikta kjem for seint og det er for mykje ugras mellom det som skal få oss til å gå 234 sider i denne hagen.

VIDAR KVALSHAUG