Den vanskelege søskenkjærleiken

BARNEBOKPROFIL: Når ein er i tenåra kan det vere vanskeleg å be om merksemd, når ein annan så openbart treng det meir, sier Sigrid Agnethe Hansen.

 

Sigrid Agnethe Hansen er tidlegare programleiar og produsent i NRK. I 2020 debuterte ho med ungdomsboka Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er den andre boka hennar, og handlar om den vanskelege søskenkjærleiken.

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg ville skrive ein oppfølgjar til Ser du dette?, kor Tina er ein av hovudpersonane. Der blir ho framstilt som ganske kul og vanskeleg å målbinde. Men eg tenkte at den som er tøff i trynet ofte er det fordi dei har andre ting som er krevjande i livet. Tina har ei søster med spesielle behov som tar mykje av tida til foreldra, og eg trur mange som har søsken med spesielle behov synest det er fantastisk og krevjande på same tid. Særleg når ein er i tenåra og har ekstra behov for å finne seg sjølv og bli sett av vaksne kan det vere vanskeleg å be om merksemd, når ein annan så openbart treng det meir. Samtidig er dette også ei forteljing om å gå gjennom ild og vatn for ei søster, og lesarar treng begge delar, tenker eg.

Tre barnebok-favoritter:

– Frå eigen oppvekst: Torun Lian – Frida med hjertet i hånden, Klaus Hagerup — Markus og Diana og heile Weetzie Bat—serien til Francesca Lia Block. No når eg les med og til eigne barn, må eg trekke fram høgtlesingsfavoritten Pappa i barnehagen av Lars Mæhle!

Sjekk ut:

Ulvene i veggen av Neil Gaiman. Ei ganske dyster bildebok, spekka med svart humor, som eg las til frukosten ein morgon utan å vere budd på akkurat kor mørk den var. Den fekk meg til å tenke «får ein skrive på denne måten for ungar?» og det frydar meg at svaret er ja!

Hvordan jobber du?

– Til no: mest på fritida og på kveldstid, i lommer kor eg må vere effektiv og skrive masse på kort tid. Eg har eitt hovuddokument og eitt som heiter «scener som må med», i tillegg til notat—appen på mobilen. No har eg fått skrivestipend og skal vere forfattar to dagar i veka, og ser sjukt fram til det.

Din egen favorittillustrasjon?

–  Ilon Wikland sine teikningar, spesielt bildet av Jonathan og Kavring som sit på brua i Kirsebærdalen og strålar søskenkjærleik.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Heksene av Roald Dahl, utan tvil. Den sette ein så stor støkk i meg at det gjekk ti år frå mamma prøvde å lese den til meg, til eg klarte å fullføre ho. Eg fekk puls berre av å gå forbi bokhyller som boka sto i og gråt hysteriske tårer når læraren ville lese ho høgt i spisefri. No pleier sonen min å finne den i biblioteket og rope «SE HER, MAMMA!» for å skremme meg.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Kanskje Findus i Gubben og katten? Eg er veldig glad i katter og hadde sjølv ein Findus da eg var liten.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg prøvde å tenke på nokon i Roald Dahl sitt univers, men det er det jo ganske stor overvekt av barn som ikkje har det så bra. Om eg likevel skal velgje min favoritt derifrå, må eg seie Matilda, men kanskje eg kan få vere ho etter at ho har flytta saman med Miss Honey og kosar seg med sjokolade og gode bøker dagen lang?

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– To ting tenker eg er heilt naudsynt: Humor og noko som gir litt puls.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Med Pippi, men helst om vi kan halde oss heime og dra på kvardagslege eventyr. Hadde ein draum om å få finne eit slikt tre som Pippi visste om, med små gavar i små hulrom. Er det for mykje å be om?