Dei små gledene

Eg spør meg sjølv kva spor eg følgjer, og kva far som blir att etter meg, seier Gudmund Skjeldal.

Gudmund Skjeldal har blitt nummer to på femmila i Holmenkollen og vore litteraturansvarleg i Bergens Tidende. Nå er han aktuell med boka Begrav meg i snø.

 

Forfattar: Gudmund Skjeldal (46)

 

Aktuell med:

skjeldalcoverBegrav meg i snø, Skald forlag
Dagboktekstar om ein makelaus vestlandsvinter er blitt illustrert og kling saman med snømotiv av grafikaren Kristian Finborud.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Det blå lyset i etsingane til Finborud egga meg: Kunne dei slå følgje med mine refleksjonar frå november til april månad? Eg har komme halvvegs i livet, kan henda, og spør meg sjølv kva spor eg følgjer, og kva far som blir att etter meg. Alle spor skal bli sletta ut. Den erkjenninga gjer dei små gledene i kvardagen endå viktigare.

 

Tre favoritter:

Fjodor Dostojevskij: Brødrene Karamasov. Ein krim og dei største spørsmåla om tilveret i ein og samme forrykande tekst.
Knut Hamsun: Sult. Betre er ikkje Oslos gater skildra nokon gong.
Elena Ferrante: Historia om det tapte barnet. Finalen på Napolikvartetten samlar alle kloke og vakre trådar.

 
Sist leste bok:
Bjørn Godøy: Dobbelspill. Herleg sprø historie om ein mossing frå første verdskrig.

 

gudmund_skjeldal_c_ellen_landeHvordan jobber du?

Eg jobbar best om morgonane, og helst før resten av familien har stått opp.

 
Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Kanskje Lila i Ferrantes Napoliromanar? Eller veninnna Elena Greco.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Heldigvis har dei atten i Sverige nok med å finna ut av dette!

 

Hvis du var kulturminister for en dag?

Ville det sikkert blitt krangel med sekretærane umiddelbart.

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Kunsten er å logga seg av facebook i helgene, og på festane.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

tennis.com

 

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Lønsj med Linn Ullmann fordi Central Park er så fin.

 

 

Les også: Skriver med hjertet

Les også: Tar hevn over trolldommen

Les også: Debutanten: Andrew B. Kroglund

Les også: Debutanten: Birgit Alm 

 

 

(Foto: Ellen Lande)

 

0 Shares