Ann-Mari Volden blir sals- og marknadssjef-vikar i Samlaget.
Ann-Mari Volden er tilsett som vikar for sals- og marknadssjef Anne Liv Tresselt, som skal ha fødselsperm.
Ann-Mari Volden har lang erfaring frå bokbransjen. Mange kjenner henne som mangeårig dagleg leiar for ARK Majorstua. Ho har også brei forlagserfaring frå marknadsarbeid i forlaga Oktober, Aschehoug og Lydbokforlaget.
Volden starter i vikariatet 1. september.