Fjern marknadsstøtta

Simone Stibbe (Foto: Øystein Vidnes)

BOKLOVA: Intensjonane med boklova er gode, men det er tvilsamt om boklova er gjennomarbeidd nok for å sikre at vi også i framtida kjem til å kunne ha eit mangfald av små redaktørstyrte, uavhengige forlag.

18. august i år la Kulturdepartementet fram sitt forslag til ny boklov, der hovudintensjonen er å sikre mangfaldet i bokbransjen for framtida. Skald er eit av dei nisjeforlaga som trengst for eit slikt mangfald.

Ja, vi treng bokhandlarar over heile landet, og vi treng mange av dei, gjerne fleire enn dei vi har i dag. Det er ei glede å sjå at nye uavhengige bokhandlarar kjem til, og at dei kjedestyrte bokhandlarane det siste tiåret har gått frå eksponering av få titlar på store torg til fleire titlar i mindre stablar. Fastprisen er eit viktig verkemiddel for at boklova skal gagne både sluttkunden og bokhandelen. Det fungerer – iallfall sett frå utsida.

For presset på kva forlag skal betale for å få eksponert bøkene sine i dei kjedestyrte butikkane, verkar stadig å stige. Sentrale marknadsføringskampanjar i bokhandelen er blitt ein del av forlagsutgiftene. Kor mykje meir kan små uavhengige forlag tole? For mange er nok grensa allereie nådd.

Marknadsstøtta splittar forlags-Noreg i to

Normaliteten er at eit såkalla fellesuttak frå dei sentrale bokhandelskjedene, som sørger for at bøkene faktisk kan finnast i butikkane, blir etterfølgt av eit tilbod om å vere med på «felles marknadsføringstiltak» – også kalla marknadstøtte. Her ligg kostnaden frå tusen kroner til godt over hundre tusen kroner per boktittel og kampanje. For eit lite forlag utgjer slike summar gjerne store delar av det samla marknadsbudsjettet til forlaget. Det verkar heilt utopisk å nokon gong skulle kunne klare å tene inn slike summar ved auka sal. Marknadsstøtta splittar forlagsnoreg i to: i dei som kan betale og dei som ikkje kan det.

I dag får bokhandlarane omlag halvparten av inntektene for å selje bøkene, medan forlaga med den andre halvparten dekkjer forfattarhonorar, produksjonskostnadar, utgiftene knytt til løn og administrasjon i forlaget, frakt til bokhandel og risikoen med eventuell retur av bøker som bokhandlarane ikkje får selt. Kva kan forlaga forvente av marknadsføringstiltak frå bokhandelkjedene for 50 % av inntektene? Sanninga er: lite anna enn at bøkene står i bokhandelen – i alle fall før ein har betalt marknadsstøtta. Skald, som eit veletablert forlag, står nok i ein langt betre posisjon enn yngre, små forlag. Dei minste kjem sjeldan til orde i det store ordskiftet.

Kulturdepartementet ber om innspel til om det bør innførast rabatttak mellom forlag og bokhandel som ein del av boklova og at det i så fall ikkje skal vere tillate med generell marknadsstøtte. Samstundes har departementet alt konkludert med at det «i tillegg til den avtalte rabatten skal være tillatt å inngå individuelle avtaler om andre ytelser, herunder markedsamarbeid». Kva marknadsstøtte som er generell og kva som er individuell er vanskeleg å tolke seg fram til. Og er det ikkje nettopp den individuelle marknadsstøtta, den som forlaga betaler per tittel som deler forlagsbransjen og gjer at spriket berre blir større?

Skal boklova fungere, må Kulturdepartementet ta ansvar for å sikre at forhandlingsmakta ikkje blir skeivfordelt, som det er formulert i høyringsutkastet, og her bør det heller ikkje vere forskjell mellom konserneigde og uavhengige forlag.

Marknadsstøtta er gifta i bokbransjen, den spreier seg usynleg for sluttkunden som blir lurt til å tru at dei anbefalte titlane i t.d. ein reisebokkampanje er plukka av bokhandlarar etter faglege vurderingar. Sanninga er at dei er kjøpte og betalte. Skal ein sikre mangfaldet, må marknadsstøtta fjernast, både den generelle og den individuelle. Då klarar vi kanskje å unngå at små forlag blir pressa til det ytste, til konkurs eller oppkjøp – og vi kan leggje til rette at det også i framtida vil kunne oppstå nisjeforlag som fyller ut hola og slepp fleire stemmer til.

SIMONE STIBBE

(Dette debattinnlegger er tidligere publisert i Klassekampen, 29.september -22.)