LUKE 16: Helene Hovden Hareide debuterte i høst med diktsamlingen «Butikksongar» (Aschehoug).
Helene Hovden Hareide (f. 1989 i Hareid) er utdannet litteraturviter, men jobber også som journalist. I år har hun dessuten også gjendiktet livsverket til den meksikanske poeten Gloria Gervitz, Migrasjonar (Samlaget).
Butikksongars poetiske universet er matbutikken. Hareide antar at pandemi-året har medført skjerpet interesse for akkurat denne bransjen. Hun er i alle fall svært fornøyd med all omtalen boka har fått, noe som også har gjenspeilet seg i at samlingen har ligget høyt på lyrikklistene i høst. Anmeldelsene har også vært gode. Vi nevner sådanne i Klassekampen, Vårt Land, Dag og Tid, Bergens Tidende og her på BOK365.
– Hvor tilbringer du jula i år, Helene?
Vi håper på å reise frå austlandets kvite vinterlandskap, til regnet og vinden på Sunnmøre. Men det spørs. Julegjestar frå hovudstadsregionen står nok ikkje øvst på ønskelista til mi smittefrie heimkommune.
– Det blir ikke jul uten … hva?
Regnet og vinden på Sunnmøre. Og disko-julemusikken til Boney M!
Ein gong på nittitalet fekk eg kassetten deira, Feliz navidad! A Wonderful Boney M Christmas, i julegåve frå pappa – som ønska seg den sjølv, og sidan då har julestemninga mi vore uløyselig knytt til kombinasjonen av kalypso og tyske songtekstar. Til glede for alle rundt meg …
– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?
Ting-dikta til Francis Ponge! Eg er djupt fascinert av korleis han lagar rullesteinar, brød og mose av språket.
Dessutan har det hatt ein trøystande effekt dette året, å tenkje på at Francis jobba 12-timars dagar på eit kontor, for så å kome heim til familien på kvelden, der han hadde kun ein halvtimes tid til å skrive …
– Har det kommet noe positivt ut av det siste året?
Tja. Husets andreklassing har i alle fall blitt overraskande god på å ta ansvar for vottane sine sjølv.
– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
Det må bli den vesle perla til mi talentfulle veninne Karoline Brændjord, Jeg vil våkne til verden. Også Sandra Lillebø sin debutroman Tingenes tilstand gjorde såpass inntrykk at eg gjerne vil dele leseopplevinga med dei eg kjenner.
Så har det nyleg kome ut ei norsk gjendikting av Pablo Neruda sine oder, som inkluderer dei han skreiv om mat, og derfor – går eg ut ifrå, utan å ha lese enno – min personlege yndling: Ode til poteta. Den skal eg sørge for å plassere under nokre juletre i år!
– Hvilken bok, som har betydd ekstra mye for deg gjennom livet, vil du gjerne anbefale andre å lese?
No kjem eg til å høyrest skikkeleg pretensiøs ut i lesevanane mine, og formidle eit image som ikkje akkurat stemmer overeins med dei fiskepinne-, bandytrening- og Netflix-fylte kvardagane mine, men eg må berre seie det likevel: På sporet av den tapte tid av Marcel Proust.
For dei som ikkje veit det er dette verdas lengste roman, og ei sånn bok mange føler dei bør lese, for så å sovne i forsøket – men eg hadde stor, genuin glede av hovudpersonen Marcel si frekke framstilling av Paris-sosieteten, og refleksjonane hans har forandra korleis eg tenkjer om slikt som sjalusi, tid, kunst og kjærleik.
– Beste julegaven du noensinne har fått?
Det må vere den gongen for elleve år sidan då sambuaren min fekk innvilga opphaldsløyve, og rakk å kome fram til regnet og vinden på Sunnmøre – og til meg – på sjølvaste julaftan.
– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2021?
Reality-litteratur! Verkelegheitslitteraturen sin folkelege fetter.
– Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?
Det er lett! Tsjekkisk Askepott. Med tysk juledisko i bakgrunnen.