Verda i varene og vegen vekk

DEBUTANT: Helene Hovden Hareide. Foto: Tine Poppe:

Bananfrakt og skip ut i verda. Plasten som pip på rullebandet. "Butikksongar" fører gamle og nye tider saman.

I tiden mellom denne boka blei skrive og til ho kom ut, blei butikkmedarbeidarane dei nye heltene. Mars månad enda mykje, men en den nyvunne heltestatusen er ikkje utgangspunktet i Helene Hovden Hareides diktsamling Butikksongar (Aschehoug).

Boka er, som ein heil del anna i norsk litteratur, ei utforsking i should I stay or should I go. Bør ein dra? Bør ein bli? Som kva da? Held det å jobbe på butikken og føre gardar, hus, jorder og tradisjonar vidare? Kva verdi har det – og for kven?

Butikksongar er sympatisk og tilforlateleg – med klør.

Bestefaren sine forteljingar frå sjøen går som ein horisont gjennom boka. På eit overbevisande sunnmørsk, sjølvsagt. Og kanskje er det slik at desse forteljingane og minne blir noko å gripe i når ein skal finne seg sjølv på ein mindre plass og definere kven ein er? Boka tar oss ut i verda, slik Sunnmøre alltid har gjort med sine. Unge gutar ut på båt, kom heim med nokre smellar, fint klesstoff eller forteljingar om bananfrakt.

Heidi Hovden Hareides namn er ikkje heilt nytt, sjølv om dette er ein debut. Ho gjendikta meksikanske Gloria Gervitz´ Migrasjonar for Samlaget tidlegare i år.

Eg har valt ut eit av dikta tidleg i boka der gammal og ny tid møtes:

 

Potetkjellaren kalla dei det rommet

der djupfrysaren står

som ei kvit kiste med Ristorante

og fiskekakene

i posen med farmor si handskrift på.

 

osen av smelta mozzarella

passar ikkje inn på dette kjøkenet

men det er eg som skal bu her no

 

steike pizza, sprette brusboksar

slenge beina på bordet til slekta