LUKE 19: I dag går turen til til Sveio. Agnes Ravatn er opprinnelig fra Ølen, men nå er hun nabo til Einar Økland.
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut flere kritikerroste og prislønte bøker, blant andre gjennombruddsromanen Fugletribunalet, som har gjort suksess både som bok og teater, og som er solgt til mange land. Ravatn er kjent for sin særegne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskelig svakhet.
I år er hun aktuell med romanen Gjestene et intenst kammerspill om misunnelse og sjalusi på en luksushytte i skjærgården. Boka fikk vår anmelder, Maren Simonsen til å le høyt:
Les hele anmeldelsen: Vellykket kammerspill
— Hvordan har du opplevd mottagelsen av boka, Agnes?
— Har berre fått positive reaksjonar. Dei negative er kloke nok til å halde det for seg sjølv. Lesarane er delt mellom om å mislike og å kjenne seg igjen i hovudpersonen — med klar overvekt av sistnevnte.
— Hvor tilbringer du jula i år?
— Heime på garden, med besøk frå foreldra mine, bror min og familien hans. Det blir fem svært tilstadesverande gutar i alderen to til ti, mandel i grauten i ei iskald løe, deretter pinnekjøt av eigen villsau, fyr i omnen og bordhockeyturnering.
— Det blir ikke jul uten … hva?
— Fotball-VM! Neida. Det blir ikkje jul utan eit fire vekers samanhengande dorull- og glitterkaos på spisebordet, etter som sønene mine elskar å lage julepynt. Og Jul i Svingen på NRK, der eg rutinemessig begynner å gråte av introen til Odd Nordstoga kvar einaste dag, samtidig som eg identifiserer meg mest med far til Linus.
Og juletrehenting i skogen — eg var på rekognosering seinast i dag og lagra gps-koordinatane til aktuelle kandidatar. I ein skog for det meste beståande av furu, bjørk og brake blir det litt vanskelegare å finne ei passande gran for kvart år, i den grad at eg vurderer å plante eit juletrefelt.
— Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?
— Eg tillet meg å trekke fram to, ein debutant og ein veteran. Palliasjon av Kjersti Bergersen, mildt sagt ubehagelege noveller av ein fiks ferdig forfattar. Og Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn, mildt sagt ubehageleg den òg.
— Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
— Når eg gir bøker i julegåve – som eg alltid gir i hopetal – legg eg mi ære i å finne den perfekte syntesen mellom det eg syns mottakaren burde like, og det eg trur hen faktisk vil like. Dermed skal eg i år gi vekk minst to eksemplar av Mur, far og dotter, minst to eksemplar av Diamantkvelder — som eg for å snikskryte litt las straks ho kom ut og stussa over stillheita den blei mottatt med — mens sønene mine skal få «2+2=5», bok 2 i serien om søstrene Hegerberg, av Harald Rosenløw Eeg.
— Beste julegaven du noensinne har fått?
— Det sterkaste minnet er frå då eg endeleg fekk cd-en «Unplugged» med Dance with a stranger, jula 1994, av mormor. Då var det rett opp på rommet og danse slow med meg sjølv til «Long December Nights».
— Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2023?
— Det må vel vere boklov og normalkontrakt, men det blir jo litt tørt. Når alt kjem til alt ønsker eg meg først og fremst saftige avsløringar og skandalar, for å halde oppe ei allmenn, offentleg interesse for sektoren: plagiat, korrupsjon og maktmisbruk, manus på avvege og den slags.
— Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?
— Utvilsamt Prøysen. A man for all seasons, men særleg jul.