Kaos-pilotar, tei still! Lytt heller til denne kaos-kosmonauten av ei småbarnsmor, som er både kvardagsheltinne, varslar, aktivist – og ein drivande god forteljar.
«For det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di.»
Slik startar Halldis Moren Vesaas diktet som har inspirert denne romantittelen. Det handlar om Daniel, som endar opp med diagnosen regressiv autisme, og boka er forma som eit brev frå mor til son. Den verkelege Daniel kjem kanskje aldri til å kunne lesa teksten med vaksen-perspektiv, men denne svært personlege romanen talar sterkt til alle som kjenner, elskar, eller arbeidar med ein «Daniel».
Det er lett å samanlikne slike sjølvbiografisk opne romanprosjektet med Karl Ove Knausgårds litterære kamp, og då vil jo dei fleste forfattarar koma til kort, arme stakkarar. Men Olaug Nilssen har så lange tankar at ho er i stand til å skrive skjegget av dei fleste. Ein x-faktor i språk og forteljarhandverk let lesaren oppleve denne skakande tragiske historia også som ein raus og styrkande roman om kjærleik, samhald og von.
Olaug Nilssen:
Tung tids tale
Samlaget
155 sider
Kjempar blindt og vilt
Mors daglege kamp handlar sjølvsagt mest om å ta vare på familien i kvardagen, men ho kjempar også mot hjelpeapparatet og mot trussel om nedlegging av institusjonen der Daniel og fleire andre får god oppfølging og betre livskvalitet. At ho har denne kunstnaråra, makt og posisjon til å nå ut og fram med meininga si, blir både privilegium og stein til børa. «Det heiter ADHD. Det heiter annen disintegrativ forstyrrelse i barndommen. Det heiter autisme. Det heiter subklinisk epileptisk aktivitet,» skriv forfattaren i innleiinga. Mor i romanen kjempar blindt og vilt for eigne prinsipp, det er «EKSISTENSIELT» for henne at guten ikkje får diagnose som psykisk utviklingshemma. Å godta at spedbarnet ditt aldri vil utvikle seg såkalla normalt, det er ei stor sorg. Men å sjå det friske barnet sitt fungere dårlegare og dårlegare i såkalla normale situasjonar, det er eit heilt eige nivå av helvete. Dei vaksne i familien har jo minner og videofilmar av Daniel som løfta hovudet først, han song reint som toåring, snakka grammatisk korrekte setningar, han kunne lage eggerøre, og sjå at han likna på tante K på bilete. Mor var berre stolt då toåringen byrja å interessere seg for engelske ord, det var ikkje lenger nok å analysere at mamma sa skjeve og pappa sa skjeva om brødskiva. Fire og eit halvt år gammal var Daniel heilt utan språk, sov ikkje, åt jord, utagerte. Og han var storebror.
Evig runddans
Ironien i situasjonen er klår: For å få den hjelpa du treng, må du våge å vise at du ikkje strekk til, ikkje meistrar. Prisen for prinsipp-rytteri blir for høg, det må faktisk visse diagnosar til for å få hjelp. Utan å redusere kjærleiken til Daniel med ein einaste millimeter, får vi her skildra korleis rolla hans i familien har slukt meir enn sin brorpart av lyset og varmen supernova-mamma (og pappa) eig. Foreldra er også i ein evig runddans utanom heimen, mellom jobb og møter med etatar, NAV, spesialistar, og alle som meiner sitt – inkludert arrogante apotektilsette, tidlegare vener, frustrert SFO-personale og naboar som klagar på bankelydar frå huset om natta. Også psykologane vart tatt på senga, dei venta ikkje ei slik utfordring, for i papira sto det at foreldra var ressurssterke.
Det er dei sanneleg. Midt i fortvilinga og tørsten etter svar let dei seg ikkje overtyde av pressgrupper som meiner at autismen har noko med MMR-vaksinen å gjera. Dei prøver rett nok ut idéar om strenge kosthaldsregimer, og guten blir tynn og desperat og lærer seg å kaste smoothien veggimellom, slik at han kan stele godteri medan foreldra er opptatt med å fjerne sølet. Mirakuløst nok mister dei ikkje all evne til sjølvironi, samhald og puteprat med galgenhumor. «…og så ler vi begge to, og eg seier:– Gjærbakst i svangerskapet gir autisme, og han seier: – Men fortvil ikkje, du kan kurere det med perlevatn og trykktank.»
Piskar seg sjølv
Teksten ber preg av at boka er eit sakprosaprosjektet som vart til roman, mellom anna fordi Nilssen meinte ho måtte ta personvern-omsyn til fleire enn barna sine. Ved sidan av utfordringane som handlar om Daniel og søskena og dei næraste, ber forfattaren også på smerta når vener trekkjer seg unna, og når ho kjenner seg som ein elendig kollega. Ho tek mykje av skulda sjølv, for kor mykje av eiga tragedie kan ein la tyte rett i fleisen på folk? Det er vel ganske udanna? Ikkje rart at vettuge folk held seg unna. For mor disponerer ikkje tida si godt nok, nemleg. Det er difor ho etter ørten vakenetter framleis ikkje legg seg og berre kviler – men piskar seg sjølv med tankar om kor naivt og bortkasta det var då ho fekk snev av meistringskjensle ved å laminere handteikna merkelappar til kommodeskuffene.
Myten om bytingen og Tor Johnssens dødeleg depressive ord om å ikkje ha nok kjærleik kvernar i forteljaren. Stundom overdøyver det nesten Haldis Moren Vesaas sitt mektige, alvorstunge kjærleiksdikt, det som inspirerte denne romantittelen. Men berre nesten.
Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
Må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!
MAY GRETHE LERUM
(Foto: Bent R. Synnevåg / Samlaget)