– Ungdomar set pris på litt motstand

BARNEBOKPROFILEN: Therese Garshol Syversen har debutert med ungdomsromanen «Sting». (Foto: Privat)

BARNEBOKPROFILEN: Debutant Therese Garshol Syversen meiner ungdomar set pris på litt motstand og er ikkje redd for å skrive ungdomslitteratur om noko av det verste av alt.

Therese Garshol Syversen er stipendiat og underviser i barne- og ungdomslitteratur ved Høgskolen i Innlandet. Ho debuterer som ungdomsbokforfattar med romanen Sting, om Emma som vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen, dei seier at det er faren som har skote ho.

 

Forfattar: Therese Garshol Syversen

Aktuell med: Sting (Samlaget)

 

– Når bestemde du deg for å skrive ungdomsbok?

– Eg har hatt lyst til å skrive ein ungdomsroman heilt sidan eg var ungdom sjølv, men eg bestemte meg for å gjere ein ordentleg innsats etter at eg hadde deltatt på skrivekurs med Gro Dahle. Vi skreiv nokre korte tekstar der, og ho oppmuntra meg til å kontakte eit forlag. I Samlaget møtte eg flinke folk som hadde trua på prosjektet og skrivinga mi, så då blei eg motivert til å ferdigstille.

– Kvifor skreiv du akkurat Sting?

– Eg skriv med utgangspunkt i det som provoserer og engasjerer meg, og vald i heimen er blant dei tema som eg føler veldig sterkt for. Det finst jo mange farlege foreldre i norsk barne- og ungdomslitteratur, så det er ikkje direkte tabu akkurat, men eg kjente for å gå endå litt lenger enn dei historiene eg har lese sjølv. Vald tar ikkje omsyn, og eg vil at lesaren skal føle på den utryggleiken som hovudpersonen Emma lever i.

– Som stipendiat som forskar og underviser i barnelitteratur kan du meir om barnebokfeltet enn dei fleste. Har jobben din påverka arbeidet med boka?

– Eg håper det gjer at eg ikkje undervurderer ungdomane som lesarar. Dei er jo i likskap med vaksne ei heterogen gruppe, men det finst studiar som peikar mot at mange ungdomar set pris på litt motstand når dei les. Så det har gjort meg trygg på at eg som ungdomsbokforfattar ikkje treng vere redd for kompleksitet og alvorlege tema. Samstundes veit eg jo at mange litteraturvitarar og -forskarar synest at norsk barnelitteratur er i overkant mørk. Eg er ikkje blant dei då, for å seie det slik!

 – Korleis ser arbeidsdagen din ut?

– Som stipendiat har eg veldig stor fleksibilitet, det er litt annleis når eg føreles og skal rettleie studentar og slik. No om dagen skriv eg for det meste, anten på kreative prosjekter, artiklar eller doktoravhandlinga. Eg må innrømme at eg sit mykje i sofaen og skriv, utan omsyn til ergonomi dessverre. Men eg går ofte turar der eg høyrer på musikk og grublar litt. Då får eg eit avbrekk samstundes som nye idear har ein tendens til å dukke opp.

– Kva for barnebok fortener meir merksemd?

Størst av alt av Malin Persson Giolito har fått ein del merksemd allereie, særleg i heimlandet Sverige og gjennom serieadaptasjonen på Netflix («Quicksand»), men det er ein veldig spennande thriller for litt eldre ungdomar. Og finst det ikkje litt færre bøker retta mot dei aller eldste ungdomane? Eg synest det verkar slik, så derfor må eg nemne den boka.

 – Kva for barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg hadde ei eventyrbok for barn der eg fann historia om Ridder Blåskjegg. Kva den historia gjorde i ei bok for barn veit eg ikkje, men ho gjorde veldig inntrykk på meg. Eg var altfor ung og blei veldig skremt sjølvsagt, men tenkte mykje på handlinga etterpå. Eg innsåg at det finst menneske som vil oss vondt, også blant dei som står oss nær. Og det gjorde inntrykk fordi eg var så ung.

– Kva for ein barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Kanskje Mattias i Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren. Han verkar så trygg og god. Då skulle eg ha kasta meg rundt halsen hans, slik Kavring gjer.

– Og kven ville du helst ha vore?

– Kan eg velje frå ein ungdomsroman? Då blir det i så fall Julie i Muleum av Erlend Loe. Eg misunner ho ikkje at ho har mista heile familien sin i ein flyulykke, altså, men ho er heilt fantastisk. Eg elskar humoren hennar. Og så likar eg at ho er så uføreseieleg.

– Ville du vakna midt på vinteren i Mummidalen eller hoppa over Helvetesgapet med Ronja Røverdatter?

– Eg har berre gode minne frå Mummidalen, men universet i Ronja Røverdatter har noko litt farleg og forlokkande ved seg som kan gi det gode suget i magen, så eg får hoppe i det!