Til lukke med dagen, Einar!

Einar Økland - foto: Tove K. Breistein

Einar Økland fyller 80 år i dag! BOK365 gratulerer. - Einar Økland er den mest allsidige og originale forfattaren i norsk etterkrigstid, seier forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog.

– Einar Økland er den mest allsidige og originale forfattaren i norsk etterkrigstid. Som forlaget hans gjennom over 50 år er vi takksame og audmjuke for den enorme innsatsen han har lagt ned for norsk litteratur og nynorsken. Som den nye boka hans, Oss imellom?, vitnar om, har han på ingen måte lagt seg flat i sitt 80-ande år. Her er overskot, kreativitet og kunnskapsiver på kvar ei side. Utan Einar Økland hadde Noreg vore keisamt og langt dummare. På vegner av Det Norske Samlaget ønskjer eg Einar til lukke med 80-årsdagen, seier Håkon Kolmannskog.

Økland har markert seg i norsk litteraturhistorie på mange vis. Sidan debuten i 1963 har han gitt ut opp mot 80 bøker innan dei fleste sjangrar til båe barn, ungdom og vaksne. Dei eksperimentelle og sjangeroverskridande romanane Galskap (1971) og Stille stunder (1974) har blitt ståande som klassikarar, og begge inneheld dei den særeigne ironien og humoren som er typisk for forfattaren. Økland har motteke ei lang rekkje høgthengande prisar, blant anna Doublougprisen i 2000 og Brages ærespris i 2015. Ikkje minst har Økland vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. I fjor debuterte Økland som skodespelar i filmen Håp av Maria Sødahl.

I samband med 80-årsfeiringa lanserer Samlaget boka Oss imellom?. Boka er ei samling småprosa med personlege og kunnskapsrike refleksjonar over litterære og menneskelege venskap, fragment frå eit forfattarliv, i tillegg til norsk litteratur- og kulturhistorie.

 

 

-- annonse --