Stiller på sjeldan scene-prat

Jon Fosse (foto: Tom Kolstad)

Også Jon Fosse kastar seg på det digitale. I mai går han live frå Brooklyn.

No får lesarane ein sjeldan moglegheit til å sjå og høyre Fosse snakke om boka. Forfattaren stiller så godt som aldri på litterære arrangement, skriv Samlaget.

Samtalepartnarar er Damion Searls, som har omsett Fosse frå norsk til engelsk og journalisten og forfttaren Dustin Illingworth. Og her ligg fb-arrangementet.

Datoen er 9. mai, klokka åtte om kvelden norsk tid. Staden er Community Bookstore i Brooklyn, og tradisjonelt var det ikkje så langt «over there» frå Vestlandet – det var lenger til Oslo. Programmet blir strømma og det er i utgangspunktet gratis, men den amerikanske bokhandelen ber om at folk kjøper billett til valfri sum – eller bestiller sitt eksemplar av Det andre namnet. Septologien 1-2, på engelsk sjølvsagt.

Boka er selt til tolv land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia, Estland og Italia.