Språkprisen til Fidjestøl

NESTLEIAR RYKKER OPP: Alfred Fidjestøl tar over som styreleiar i Norsk forfattersentrum etter Mikkel Bugge. Foto: Agnete Brun/Samlaget

Forfattar Alfred Fidjestøl får Språkprisen 2017 for framifrå bruk av norsk i sakprosa.

Prisen er på 100 000 kroner, og blir delt ut av Språkrådet. Prisen går annakvart år til ein nynorskforfattar og ein forfattar som bruker bokmål. I fjor fekk Ivo de Figueiredo prisen. I år går den altså til Fidjestøl, som i haust er aktuell med biografien til sjimpansen Julius, Nesten menneske. Boka er alt selt til utgjeving på engelsk og kinesisk.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) får prisen for bøkene Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013), Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014), Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015 (2015) og Nesten menneske. Biografien om Julius (2017).

Frå juryens grunngjeving:

«Dei gode historiene er eit førande prinsipp i bøkene til årets prisvinnar. Dramatiske einskildepisodar frå Det Norske Teatrets omflakkande tilkomst og 100-årige tilvere og skarpe portrett av personar som har trekt i trådane i 50 år med kulturpolitiske dragkampar, er like ugløymande skildra som fellesskapen mellom målpolitiske einstøingar på Labråten. Og no sist, men ikkje minst, ein perspektivrik biografi om ein liten, avvist sjimpanse med bandasjert finger (…) Vinnaren gjer kulturinstitusjonar, kulturpersonar og kulturikonar levande ved bruk av klår prosa. Gjennom stiltone, varierte og appetittvekkande kapitteloverskrifter og dekkande mellomtitlar demonstrerer forfattaren ei befriande evne til å kombinere ledig og lettlesen nynorskprosa med kreative språkbilete.

Om språkprisen

Språkprisen blir kvart år delt ut av Språkrådet til ein forfattar med framifrå bruk av norsk i sakprosa, annakvart år for bokmål og nynorsk. Språkprisen blir gitt for enkeltverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller institusjonar.

Prisen vart første gong delt ut i 2007, og i fjor fekk bokmålsforfattaren Ivo de Figueiredo prisen for de to bøkene ord/kjøtt. Norsk scenedramatikk 1890–2000 (2014) og En fremmed ved mitt bord (2016).