«Voldens historie» til scenen

Emil Johnsen og Preben Hodneland i "Valdens historie". Foto: Bård Gundersen

Edouard Louis si roman om vald dramatiserast på Det Norske Teatret.

Den omdiskuterte og mykje omtala boka Voldens historie av franske Edouard Louis er blitt  teater. Som i den fyrste romanen hans, Farvel til Eddy Belleguelle, som også har vore dramatisert, er handlinga sjølvopplevd. Eit av spørsmåla som stillast er: Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein ender opp som valdsmann?

Valdtekt og mordforsøk

Det er Det Norske Teatret som set opp stykket under navnet «Valdens historie». Og dette er historia: Julaftan 2012 møter den da 19 år gamle forfattaren Edouard Louis ein mann på gata og blir med han heim. Dei er tiltrekte av kvarandre, pratar og har sex. Men idét Luois oppdager at mobil og iPad er vekke, snur stemninga, og han blir brutalt valdteken og utsettast for mordforsøk.

I tvil

Etter hendinga er han i tvil om han skal anmelde forholdet. Både fordi han ikkje er sikker på om han orkar å utsette seg sjølv for dei undersøkingane og forhøyra som vil følge, eller om han verkeleg ønsker å få valdsmannen bak lås og slå.

Louis tilfører nemleg også ein politisk dimensjon til hendinga. Dersom han blir teken, vil overgriparen truleg alltid vere fanga i den sosiale underklassa han kom ifrå.

Louis kjente seg ikkje sikker på om han ønskte å vere med på det, trass i det han var blitt utsett for.

Reiser spørsmål: Eduard Louis. Foto: John Foley/Opale/Aschehoug

– Som eit svart hol

Det er Kjersti Horn som har regissert  framsyninga.

– Den er jo litt som eit svart hol denne boka til Edouard Louis. Og det handlar om ein valdtekt og eit mordforsøk han sjølv er blitt utsett for, men det handlar også om vald og utanforskap i samfunnet i eit større perspektiv. Korleis strukturer i samfunnet vårt reproduserer, men også produserer vald, forklarar ho.

Sette også opp første boka 

Horn var også først ute med å dramatisere og sette opp debutromanen til Edouard Louis Farvel til Eddy Belleguele, der Emil Johnsen sto på scenen aleine i eit slags forteljarteater.

Denne gongen har dei også fått med seg skodespelar Preben Hodneland, og dei har flytta frå Scene 3 til større forhold på Scene 2.

Framsyninga har premiere på Det Norske Teatret laurdag 25. november.