SKALD styrker marknadsavdelinga

Torunn Todal Laberg tilsett som ny marknadskonsulent i forlaget Skald.

– Eg brenn for formidling av kultur og historie både ute på tur med turistar og i bokform. Så for meg er dette ein perfekt kombinasjon, seier Laberg.

Torunn Todal Laberg (f. 1980) kjem frå stillinga som marknadsansvarleg for eit nettverk av reiselivsverksemder i Årdal. Ho har i tillegg bakgrunn som journalist, norsklærar og var tidlegare festivalsjef for Nynorske Litteraturdagar. Ho kombinerer arbeidet innan forlagsbransjen med drifta av Bulder & Brak Opplevingar, som tilbyr naturbaserte opplevingar til turistar og friluftsfolk. 

Med sentrale tilsette ved marknadsavdelinga ute i permisjon og ei haustliste som lover ein travel bokhaust har forlagssjef Simone Stibbe sett behovet for å styrke marknadsavdelinga i haust ytterlegare. 

– Torunn har mykje relevant erfaring både frå litteraturfeltet og med marknadsføring. Så dette er krutt, seier Stibbe.

Laberg byrja i stillinga tidleg i september