Skald satsar på kvalitet

Forlagssjef Simone Stibbe (foto: NN)

2019-TALA: Leikanger-forlaget Skald makta å oppretthalde omsetninga over 5 millioner-streken i 2019. Driftsresultatet viser eit lite underskot, men eigenkapitalen er solid. Backlista til forlaget er eit bærande element og fleire av titlane er av den tidlause sorten.

Rekneskapstal for i fjor har komme til Brønnøysund. Vi kontaktar forlaget vestpå.

Kor mange utgjevingar blei det rom for i fjor, forlagssjef Simone Stibbe?

– Vi gav ut 19 titlar i fjor. Åtte av dei var oppdragsbøker. Skald er godt etablert som produsent av høgkvalitetsbøker, og vi har dei siste åra merka ei sterk auke på førespurnadar.

Kva tittel bidrog mest til omsetninga?

– Bestseljaren i fjor var Ingenstad av Gunnar Garfors, og den har vore svært aktuell no i vår. Boka handlar om dei 20 minst besøkte land anno 2019, og Garfors skriv underhaldande og lett også om vanskelege tema. På andre plass kjem Sjakknovelle og andre tekstar av Stefan Zweig, omsett av Øystein Vidnes. Dei andre klassikarane ligg også godt an.

Det har vore eit tøft år for oss som uavhengig og middelstort forlag. Vi merkar tydeleg at kjedene har innført restriksjonar mtp bestillingar butikkane kan gjere direkte frå forlag. Vi ser at butikkane ofte kun bestiller inn det eine eksemplaret som ein kunde har spurt etter. Resultatet er diverre at kundane ofte ikkje finn bøkene våre i sin lokale bokhandel. På den andre sida blir bøkene våre ikkje kjøpt inn sentralt, sjølv om vi hadde fleire nasjonale titlar som kunne vore aktuelle som Klippfisk eller Norsk ølhistorie. Vi ser at kjedekontora er glade i forlaget og bøkene som vi gir ut, men dette når tydelegvis ikkje ut til butikkane. Ein god del butikkar passar på at dei har våre bøker inne, det er berre ikkje nok av dei.

Ei bok du håpar skal gjere det bra i bokvåren – og til hausten?

– Det er nok to titlar som kjem til å konkurrere om trofeen for mestselde bok i år. Bomtur av Rebecca N. Strand som kjem ut i mai er ei av dei, og boka har fått ein uventa aktualitet med koronakrisa. Boka er ein slags guide til å oppdage bomvegane i Norge, med alt dei har å by på av dramatisk natur, inspirerande menneske og spanande historier – rett og slett midt i blinken for dei som planlegg bilferie i heimlandet denne sommaren.

Til hausten er det heilt klart Dyrk enkelt av hagebloggar Maria Berg Hestad som kjem til å selje aller best. Maria er blant dei mest hippe hagebloggarane no for tida og det er nok på grunn av at ho gjer sjølvdyrking så utruleg enkelt for kvar av oss. Har du eit lite plenstykke eller ei ubrukeleg skråning, viser Maria korleis du lett får gjort denne om til eit bungande grønsaksbed. Det er sjeldan vi sel over 100 bøker på under eit døgn, men det var altså det som skjedde då Maria sleppte nyhenda om at ho skriv bok.

Så må eg spørre om korleis de taklar utfordringane i koronaens kjølvatn?

– 13. mars stupte salet inn til bokhandelen til null og har sidan vore låg. Vi har måtta avlyse nesten alle kommersielle vårbøkene, sidan vi ikkje kunne sjå korleis vi skulle få selt bøkene når bokhandlarane ikkje bestiller inn. Vi ser det tydeleg på klassikarane. Kort tid etter at tiltaka mot koronaviruset vart sett i gong, slapp vi Anton Tsjekhovs Dama med hunden og andre forteljingar, omsett av Geir Pollen. Sidan klassikarane sel ganske likt, var forskjellen ganske så tydeleg. Vi har framtil no berre selt eit få tital av boka til bokhandelen og det kun takka vera tre–fire bokhandlarar som plar å ha serien inne. Heldigvis har vi abonnentane på klassikarane, og dei er verkeleg lojale!

Det er direktesalet det går i, og det seier seg sjølv at det er krevjande å selje bøker på nett utan å bruke mykje pengar på annonsering. Forlaget har heldigvis bygd seg opp god likviditet, så vi klarar det på kort sikt. Det er no vi jobbar med haustbøkene og vi satsar på at alle dei planlagde bøkene kjem. Men eg fryktar diverre at kjedene kjem til å vera endå strengare på kva butikkane får bestiller inn.

Kort sagt, så er det hausten som avgjer om vi klarar oss ut 2020, men eg er optimistisk. Vi har gode bøker som eg trur vil treffe det folk er opptekne av i desse tidene.