Samlagsprisen til Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl (Foto: Agnete Brun)

"Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på", skriv juryen.

Samlagsprisen er ein årleg pris som blir delt ut til ein forfattar som skriv på nynorsk, uavhengig av forlag og utan krav til å ha gitt ut ny litteratur dei siste åra. Prisen vil annakvart år veksla mellom å gå til ein hovudsakleg faglitterær og skjønnlitterær forfattarskap. I år går prisen til sakprosaforfattaren Alfred Fidjestøl.

Prisen er på kroner 50 000,–.

Ein forteljar å stole på

Utdrag frå grunngivinga til juryen:

«Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius. Portretta han gir av menneske, dyr og institusjonar er prega av varme og interesse, og han skriv fram fysiske landskap og tidsdjupne gjennom detaljar og historisk overskotskunnskap. I tillegg til ei livshistorie eller institusjonshistorie får lesaren ei verd av kunnskap. […]

Juryen skriv vidare at Fidjestøls bøker er for både «lekmannen og fagspesialisten».

«Fidjestøl har ei framifrå evne til å kombinere grundige og detaljerte føreåtstudiar med eit lettlese og flytande språk til glede for den allmenne lesaren. På denne måten når Fidjestøl både lekmannen og fagspesialisten. Sakprosabøkene til Fidjestøl, inkludert den siste om Georg Johannesen, vil i lang tid kunna vera referanselitteratur om emnet. Fidjestøl kan formidle, skapa interesse og engasjement hjå lesaren, samstundes som fagpersonen kan hente kunnskap og referansar til eigne vitskaplege produksjonar. […] Det grundige arbeidet kombinert med eit lett og presist språk, gjer at lesaren kan stole på orda og heile vegen gle seg til neste setning.»

Kritikarrost forfattar

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa.

Utdelinga fann stad på Litfest Bergen. I juryen: Gunnstein Akselberg, Kristian Lødemel Sandberg, Liv Hege Skagestad.