Og så vart Anders sjølv nattmann

MED SKITJOBB I DRØYMEROLLE: Anders Totland (foto: Ingebjørg Westre)

Fire år etter at han skreiv sakprosabok om «Nattmannen», står han sjølv på scena som – ja, nettopp – nattmann.

Vegane til livet er uransakelege, og på Vestlandet speler det seg ut – bokstaveleg talt – ein kuriøs affære no på seinsommaren. Fire år etter at han sjølv skreiv sin kritikarroste bok om nattmannen, speler Anders Totland sjølv rolla som nattmann i musikalen «Hekseringen», som blir set opp i fantastiske Moster Amfi på Bømlo.

– Eg har tidlegare blitt spurt om å vera konsulent for både animasjonsfilm og spelefilm med bakgrunn i sakprosabøkene eg har skrive, i tillegg til studentar og forskarar som har tatt kontakt. Men dette er definitivt første gongen eg har blitt casta til ein musikalscene fordi eg har skrive bok om den aktuelle karakteren, fortel Anders Totland til Bok365.

Utpeikt som hekser

Stykket «Hekseringen» er det Fyllingsdalen Teater som står bak. Det vart først oppført på festninga i Bergen i 2017, og har sidan vorte spelt fleire gangar i Vestlandets hovudstad. No er det Moster Amfi på Bømlo som skal danna rammene for framsyninga. Amfiet er ein nedlagt marmorgruve på historisk grunn, som har vorte gjort om til eit kultur- og opplevingssenter. Ane Berentsen og Jørn Kvist har skrive manus, medan Jørn Lavoll og Linn Kathrin Taklo står bak musikken. Hilde Hoff Andersen er regissør for Moster-framsyninga. Premiere er 4. august, så no går stort sett resten av sommaren med til øving og framsyningar for Anders Totland, før han har boklanseringar i august og september.

HEKSERINGEN: Øving i Moster Amfi (foto: Ingebjørg Westre)

– Handlinga er lagt til 1665 og startar med det kjende slaget på Vågen. I stykket er det lokale kvinner som får skulda for heile slaget, og blir utpeikt som hekser. Den unge jenta Kristina (hovudrolla, på Moster spelt av Ronja Evina Haugen) opplever at bestemora blir anklagd, og det ligg an til ein hekseprosess som kan ha døden til følgje – slik det framleis skjedde på midten av 1600-talet. I tillegg til eit stort ensemble med små og store innbyggjarar i byen, opptrer blant andre Biskopen og Nattmannen, som på kvar sin måte er avgjerande for plottet i historia. I Bergen har desse rollene blant anna blitt spelt av Jarl Goli og Mikkel Gaup. På Bømlo er det Stian Tønder som er biskop, medan eg er nattmann, seier Totland.

Død og drit

Det er slett inga glamorøs rolle Totland gir seg i kast med:

– Nattmannen var på mange måtar byens renovatør. Han tømde drit og rydda gatene før døde dyr. Det var han som flådde hestar – noko som var sett på som heidensk i mange hundre år – og det var han som grov ned folk som tok livet av seg sjølv. I tillegg assisterte han bøddelen. Summen av dette gjorde at han blei sett på som ærelaus eller uærleg. Konsekvensen av det var blant anna at han ikkje fekk bu blant andre folk. Det kunne vera problematisk å få handla. Ungane fekk ikkje gå på skulen. Han måtte sitta på ein eigen benk bakarst i kyrkja, og skulle han til nattverd måtte han ha med sin eigen kopp. Smittebegrepet på 1600- og 1700-talet var heilt annleis enn i dag, og folk trudde og meinte heilt på ekte at ein kunne bli uærleg av å vera for nær nattmannen. Det var ein risiko svært få var villige til å ta, fortel Totland.

I SENTRALE ROLLER: Anders Totland og Ronja Evina Haugen (foto: Ingebjørg Westre)

Kriminelle og utstøytte

Dette ga nokre interessante konsekvensar:

– Utanforskapet opna for ei anna gruppe, nemleg dei kriminelle og andre som var utstøytte frå samfunnet. Så lenge ingen ville nærma seg nattmannen og heimen hans, var det heller ingen som fekk med seg kva som gjekk føre seg der. Dette la grunnlaget for det som ser ut som meir eller mindre organisert kriminalitet i heile Skandinavia i ein ganske lang periode. Sidan nattmannen sine ungar heller ikkje hadde store sjansar for å avansera i samfunnet, arva dei ofte stillinga etter faren, og nattmenn i ulike byar blei knytt saman gjennom slektsband når dei slo seg saman med kvarandre i nye familiar, seier Totland, og legger til: – Mot slutten av 1700-talet og utover 1800-talet minka behovet for nattmannen sine tenester. Truleg var Hans Malmanger den siste personen som kalla seg nattmann i Noreg. I ei folketeljing frå 1875 står han oppført som nattmann i Bergen, men jobba samtidig som malarsvein. Det passar i grunn godt med at eg som bur i Kvinnherad speler Bergens nattmann i «Hekseringen», etter som Hans Malmanger kom frå Kvinnherad.

Gjev ein ekstra dimensjon

Sjølv om Totland har skrive bok om nattmannen, har han ikkje hatt nokon fingrar med i tekstarbeidet til musikalen:

– Sjølve stykket blei første gong sett opp året før boka om nattmannen kom ut, så noko innverknad på manus har eg ikkje hatt. Men det var det at eg har skrive boka som gjorde meg aktuell for rolla i år. Og når eg først har sagt ja til å gå inn i denne rolla, har det vore svært nyttig å ha såpass stor kunnskap om denne utstøytte skikkelsen sin plass i samfunnet – og ikkje minst kva han faktisk hadde av oppgåver, seier Totland. – Då eg skreiv Nattmannen brukte eg rundt åtte månader på research før eg tok fatt i sjølve skrivinga, og må innrømma at eg blei djupt fascinert over at dette faktisk er ein del av vår relativt nære historie. Og sidan alle sakprosabøkene mine for ungdom handlar om litt mørk, og kanskje ukjend, norsk historie, er det som å vandra gjennom mitt eige litterære univers når eg går på scenen. Det er ei veldig spesiell, men òg fin, oppleving. Og eg tør påstå at det gjev ein ekstra dimensjon til stykket om dei som ser det òg har litt av denne forkunnskapen med seg. Det er nokre element der som kanskje kan gjera nokre av dei meir implisitte delane av plottet meir tilgjengeleg, trur eg.

– Stortrivst på scenen

– Kokk, samfunnsvitar, forfattar – og no òg musikalartist: korleis kjennest det? Skal du òg synga, eller berre snakka? Kva med sceneerfaring og nervar?

– Her er det både replikkar, to solosongar og ein duett. I utgangspunktet var eg mest skeptisk til synginga, for det har eg alltid tenkt at eg ikkje kan. Eg har spelt piano og orgel heile livet, og har stått mykje på scenen som pianist,  forfattar og foredragshaldar. Men eg har aldri sunge – og i alle fall ikkje med ein intensjon om at det skal vera fint. Men det går overraskande bra. Etter å ha strupt dei første nervane, stortrivst eg på scenen, både åleine, saman med andre og ikkje minst i ei veldig fin og sår scene der eg syng og speler saman med hovudrolleinnehavar Ronja Evina Haugen. Og dette er noko av det eg synest er aller finast, for sjølv om ho berre er 13 år har ho allereie solid sceneerfaring og kan greiene sine så bra at tryggleiken smittar over på ein vaksen teaterdebutant som meg. Det er rett og slett nydeleg, sier Anders Totland.

«Fyller rommet åleine»

At det går bra, kan òg regissøren bekrefta:

– Anders har ein naturleg autoritet på scenen og klarer fint å fylla scenerommet i Moster Amfi heilt åleine. Ikkje forstår eg at han ikkje har gjort dette før. Han tar utfordringar på strak arm, er veldig lite sjølvhøgtideleg og er ikkje redd for å prøva ut nye ting, sjølv ikkje framfor veldig mange folk, seier Hilde Hoff Andersen.

I SAMTALE: Anders Totland og musikalsk ansvarleg Irene Simonsen.

Musikalen blir sett opp fem kveldar dei to første helgene i august, med plass til rundt 1000 personar i amfiet per kveld.

– Så er nok musikalkarrieren min over. I alle fall for denne gong, fastslår Totland. – Men eg er alltid ute etter nye utfordringar, og har vanskeleg for å takka nei til gode sjansar som byr seg. Så det er aldri godt å seia kva framtida vil bringa, sjølv om eg er ganske sikker på at det er litteraturen eg skal leva av vidare òg.

I tillegg til musikal-premieren, kan boklesarar venta seg ein Totland-dobbel denne hausten: I august lanserer han den femte boka i serien med mørk, norsk historie for ungdom. Denne gongen handlar det om sjørøvarar. I september kjem min andre roman for vaksne, Til jord skal du bli, som forlaget skildrar som ein tragikomisk noir frå Finnskogen.