Arne Olav Hageberg tek over som redaktør i Bok og bibliotek, og gler seg som ein unge til å starte.
– Eg søkte fyrst og fremst jobben fordi eg har eit stort hjarte for biblioteket og brenn for det det er og kan vere. I tillegg er eg glad i å jobbe med tekst og formidling, og syns totalpakken med det å jobbe i tidsskrift er veldig spennande, seier Hageberg.
Med bakgrunn både som journalist og frå bibliotek, har Arne Olav Hageberg god bagasje med seg inn i ny jobb.
Dei siste sju åra har han jobba som prosjektleiar ved Skien bibliotek og halde i arrangement og arenautvikling, hatt skrankevakter og vore fribykoordinator. Tidlegare har han jobba ti år i Tidsskrift for norsk psykologforening, i Vårt land, i forlag og som litteraturmeldar. Hageberg er utdanna litteraturvetar.
Vil bygge fagidentitet og stoltheit
– Eg har heile livet kjent meg dregen både mot journalistikk og bibliotekarbeid, så denne jobben er jo eit lykketreff, seier han.
Han går inn i jobben med mykje på agendaen.
– Eg har veldig lyst at bladet skal bygge fagidentitet og stoltheit blant dei som jobbar i bibliotek. Den tradisjonelle bibliotekarbeidarrolla er blitt utfordra dei siste åra, både fordi bestillinga har endra seg, og fordi nye faggrupper kjem inn. Å bygge ein felles identitet er viktig, seier han.
Han vil også at bladet skal vere ein ressurs for kompetanseheving, ein stad ein kan lære, få tips og følge med på kva som skjer på feltet.
– Og så vil eg vere med på å sette agenda, og få bibliotekpolitikken på kartet. Bibliotekfeltet treng meir merksemd og større betyding.
– Gler meg som ein unge
Han ynskjer å sette fokus på verdiane biblioteka står for, ytringsfridom, demokratiarena og på delingskulturen det heile byggjer på.
– Eg gler meg som ein unge til å byrje i jobben, og har vore på Bibsøk og bestilt masse bøker om journalistikk. Eg håpar folk i bransjen skal kjenne at Bok og bibliotek er deira blad, og at terskelen er låg for å ta kontakt når dei får ein idé eller vil ha merksemd, seier den nye redaktøren.
Hageberg startar i jobben 1. september.