Ny dagleg leiar i Odda

Joakim Sørå blir den første daglege leiar for litteraturhuset i Odda.

– Han er ein svært dyktig utviklar som vi ser fram til å få med på laget til å løfte litteraturhuset i Odda til det folkets litteraturhus det var meint til å vere, seier styreleier Ingvild Ystanes.

Med hjelp frå Sparebanken Vest sine samfunnsmidler har stiftelsen Sentralbadet litteraturhus engasjert Joakim Sørå som den første daglege leiarer for litteraturhuset i Odda.

Joakim Sørå kjem frå Stranda på Sunnmøre og har vore ein stor ressurs i Odda-samfunnet dei siste åra. Han er lærar ved Odda barneskule og kjem til å halde fram med å vere der deler av tida. På fritida har Joakim dei siste åra bygd opp ein fotballiga (Terje Storhaug –ligaen), ein festival (Hardanger Spillfestival), ein leikeplass og mykje anna.

Sparebanken Vest gjev ei gåve på kr. 500 000 pr år i minimum to år som fødselshjelp til profesjonalisering og utvikling av huset.

 – Skapa positive opplevingar for folk

Litteratursymposiet i Odda vart etablert i 2005 og er kjend som ein av dei trivelegaste festivalane i landet. Sparebanken Vest gjorde løftet for symposiet mogleg med eit raust tilskot til profesjonalisering av festivalen i 2009.

Sentralbadet litteraturhus er eit barn av symposiet. Trass manglande driftsmidlar til litteraturhuset i Odda sidan opninga i 2011, har stiftinga sakte men sikkert bygd seg opp, og fått til ei bærekraftig drift basert på utallege dugnadstimar, mykje kjærleik og velvilje.

– Vi er svært takksame for at banken følgjer opp det gode arbeidet og er med på løftet for  heilårsaktiviteten av litteratursatsinga i Odda, seier styreleiar Ingvild Ystanes

– No kan vi auke aktiviteten gjennom året og jobbe målretta mot å styrke Odda som litteratursenter. Med oss har vi både næringsutvikling og kultur/stadsutvikling. Og eit geninut ynskje om å skapa positive opplevingar for folk.

 

(Hovedfoto: Renate Espe Aase)