Nok eit bra Skald-år

Forlagssjef Simone Stibbe (foto: Tove K. Breistein)

Leikanger-forlaget Skald med bra regnskapstal for 2018. Omsetninga er godt over fem millionar kroner.

Forlaget Skald leverte nok eit bra år i 2018. Omsetninga ble på 5,3 millioner kroner, ned ein halv million frå året før, men driftsresultatet dobla seg samstundes til 105 000 kroner. Forlaget har no opparbeida seg ein eigenkapital på 1,5 millionar kroner.

Salgstal som passar forlagsprofilen

Forlagssjef Simone Stibbe kan fortelje om eit jamnt bra år, med fleire solide sal av titlar framfor ein stor bestseljar, noko som passar godt til forlagets profil:

– Fjoråret var prega av fleire utgivingar som selde bra over tid. Dei fylte kvar sin nisje. Kvardagsmat var kokeboka til familiane, Klyngetunet nådde dei kulturhistorisk interesserte samt arkitektane rundt om i landet, og jubileumsboka om Oddvar Torsheim var ein suksess i kjerneområda på Vestlandet og i Oslo. Som nisjeforlag har vi lyst til å fylle ut der dei store kommersielle forlaga sviktar. Vi har verken marknadsmusklar eller folk til å fokusere på nokre få bestseljarar. Ei slik satsing ville også gjere forlaget meir sårbart i ein hardpressa bransje. Det er viktig å bidra der ein er best.

Overraskande sal av klassikar

Bland bøkene som overraska positivt i marknaden, var verdsklassikaren Alice B. Toklas’ sjølvbiografi av Gertrude Stein, som i fjor kom i ny omsetjing av Brit Bildøen:

– Salstala vil nok ikkje kvalifisere til å kalle denne ein bestseljar, men vår klassikarserie er, sett frå eit kommersielt perspektiv, ei heller smal satsing, og vi er avhengig av grunnleggjande støtte. Men romanen der Gertrude Stein skriv om seg sjølv og kunstnarmiljøet i Paris dei første tiåra på 19oo-talet trefte tydelegvis noko og selde godt over gjennomsnittet.

Øker antall utgivelser i år

Fjoråret baud på 14 Skald-utgjevingar. I år aukar talet til 19, av desse er sju bøker på oppdrag. Av den grunn har forlaget tilsett ein ny redaktør, men som også skal arbeide med pressestoff og marknadsføring:

– Som i fjor satsar vi også i år på eit utval titlar som vi ventar eit solid sal på. Nyleg kom reiseboka Ingenstad av Gunnar Garfors som har selt godt fram til no og som vi ventar skal halde fram utover hausten og auke inn mot jul. Til hausten satsar vi på to bøker som går djupare inn i den norske matkulturen. Klippfisk av Trudi Henrydotter Eikrem skal vise lesaren kor trendy og ikkje minst lettvint råvaren klippfisk faktisk er, og forfattaren har sanneleg doktorgrad i temaet både frå Norge og Portugal. Journalist og forfattar Sissel Brunstad samlar for første gong heile Noregs ølhistorie mellom to permar i boka Norsk øl frå Odins skål til i dag. Begge har sine spesifikke målgrupper, sjølv om klippfisk og øl sjølvsagt også fungerer godt i lag.

Ei perle og ein klassikar

Ei bok på haustlista som Simone Stibbe gler seg til å utgje, er Ulyzes der vi møter to av landets leiande kunstnarar, målaren Oddvar Torsheim og diktaren Jon Fosse, sistnemnde rundar 60 år i haust:

Ulyzes er enkelt sagt boka som skal vise kvar som føregår inni kunstnaren Oddvar Torsheim, boka er basert på skissene hans og gir eit innblikk i Torsheims ville samansurium av tankar og idear, men den er også eit møte mellom to av våre aller fremste kunstnarar. Andre del av boka byr lesaren på samtaler mellom dei gamle vennene Jon Fosse og Oddvar Torsheim, og til ein viss grad er kanskje det vårt vesle og litt annleis bidrag til Fossejubileet i år. Det finst elles gode grunnar til å tru at Emily Brontës Stormfulle høgder nyomsett av Ragnar Hovland, kan bli ein ny klassikarsuksess.

Utfordringar i bokhandel

Salskanaler er den store utfordringa for dei små- og mellomstore forlaga. Det er ikkje enkelt å få hylleplass hos dei store, landsomfattande kjedene. Heller ikkje for Vestlands-forlaget:

– Den største utfordringa er nok å få fram bøkene i bokhandelen. No er vi så heldige at dei beste bokhandlarane rundt om i landet veit godt om Skald og har stort sett inne bøkene våre, men hos ein god del bokhandlar vil du nok slite med å finne bøkene. Vi ser ein tendens til at mange først tek inn boka når ein kunde spør om ho, og då tek dei ofte berre inn det eine eksemplaret. Det fører naturleg nok til aukande sal hos nettbokhandlarane, samt at vår eigen nettbutikk har blitt ein viktig bokhandel for oss, men dette utliknar ikkje salet vi dei siste åra har tapt i den fysiske bokhandelen.