Med hjerte for historien

Luke 8: Hun gir stemme til mennesker som er blitt utsatt for overgrep gjennom historien.

Kritikerne fremhever ofte Aina Bassos poetiske røst.

 

Aina Basso har studert arkeologi ved NTNU og har en master i historie. Hun er tilknyttet Oslo byarkiv, og historieinteressen er også godt forankret i hennes forfatterskap. Basso debuterte i 2008 med den historiske ungdomsromanen Ingen må vite, og har senere fått flere priser for sine bøker. Kritikerne fremhever ofte hennes poetiske røst. Denne høsten kom den fjerde boken, en historiske roman for voksne kalt Finne ly (Samlaget), hvor Basso skriver fra Finnskogen i 1849. Hanna er av romanislekt og søker tjeneste på en gård hos en enkemann. Her må hun blant annet kjempe mot fordommer.

 

Finne ly

 

Hvilken bok har gjort størst inntrykk på deg i året som har gått?

Eg har lese veldig mykje i år, både av nytt og gammalt. Det har vore eit usedvanleg godt leseår for meg, og eg trur det har vore eit godt år for norsk samtidslitteratur, også.

Om eg skal trekke fram ei av årets bøker som har gjort særleg sterkt inntrykk, vil eg nemne Sigbjørn Skådens roman Våke over dem som sover. Dette er ein roman frå det mangefasetterte samiske miljøet i Nord-Noreg, som tek opp spørsmål rundt identitet, korleis det er å ikkje vere samisk nok i éin samanheng, og ikkje norsk nok i ein annan, og som på ein ubehageleg måte går inn i Kautokeino-saka, der 18 menn i 2006 blei sikta for å ha misbrukt mindreårige jenter seksuelt.

Dette er ei bok eg ikkje har slutta å tenke på etter at eg las henne, og som eg kanskje ikkje blei heilt klok på og garantert må lese igjen. For prøver kunstnaren i boka eigentleg og gjere godt med dette kunstprosjektet han arbeider med i Kautokeino?

 

Hva leser du selv for tiden?

No for tida held eg på med litt forskjellig. Eg er midt i den nye romanen til svenske Lena Andersson, Utan personligt ansvar, der vi igjen møter poet og essayist Ester Nilsson frå Egenmäktigt förfarande, som framleis ser ut til å ha dårleg teft når det gjeld menn. I tillegg har eg akkurat byrja lese Verdas mest forelska par av Rune Belsvik, fordi det nettopp har kome ei ny bok om Bidger og Esmiluni frå Bløygen, som eg skal lese rett etterpå, nemleg Verdas søtaste turist. På nattbordet ligg også Kvitt av Laura Djupvik, ein roman eg har hatt lyst til å lese lenge, og som eg skal hive meg over så snart som mogleg.

 

Hvilke tre bøker anbefaler du?

Dette er det vanskelegaste spørsmålet eg kan få, for det er så utruleg mange gode bøker der ute, mange, mange fleire enn tre. Men om eg må velje, seier eg først Innsirkling av Carl Frode Tiller, som er den første boka i ein trilogi. Eg las dei to første bøkene på rappen då Innsirkling 2 kom ut, og venta utolmodig i fire år på trearen, som kom no i haust. Les du einaren, er det god sjans for at du må lese dei andre, også! Eg er også stor fan av Trude Marstein, og har lese alle bøkene hennar, nokre av dei fleire gonger, og boka eg er aller mest fascinert av er Gjøre godt, som i likskap med Innsirkling-bøkene sirklar inn eit kanskje ikkje berre sympatisk menneske, gjennom å late mange bipersonar kome til orde. Til slutt vil eg nemne den vakraste, vesle romanen eg nokon gong har lese, Morgon og kveld av Jon Fosse, som fekk meg til å tenke så sterkt på morfaren min, som også var ein gammal fiskar. Fosse på sitt beste!

 

(Foto: Samlaget)