Lover økt satsing på litteratur

Kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Atle Nielsen

- I 2019 skal norsk litteratur løftes til nye høyder, sier kulturministeren. Regjeringen vil fremme leselyst hos barn og unge og lover også økt satsing på samisk litteratur.

Dette er det som står i forslaget til Statsbudsjett som legges frem i formiddag.

«Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt i 2019. Prosjektet har fått tilsegn om 30 millionar kroner i statleg tilskot, og regjeringa følgjer opp dette med framlegg om nye 15 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019. I samband med Bokåret 2019 gjer regjeringa framlegg om 10 millionar kroner ekstra på barne- og ungdomslitteratur, i tillegg til 30 millionar kroner av spelemidla.

– I 2019 skal norsk litteratur bli løfta til nye høgder, der leselyst og kvalitet for dei viktigaste lesarane våre, nemleg barn og ungdom, blir heilt sentralt, seier  kulturminister Trine Skei Grande.

– At Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt, og i tillegg fokusland på Berlinalen og Jazzahead i 2019, inneber eit unikt høve til å fremje norsk litteratur og kultur nasjonalt og internasjonalt, og er ei av dei største utanrikskulturelle satsingane i nyare tid, seier ho.

Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Noreg som gjesteland på Bokmessa i Frankfurt. Same sum blei løyva i 2018.

Til Bokåret 2019 har regjeringa tildelt 30 millionar kroner av spelemidlane til Nasjonalbiblioteket, for å styrkje litteraturformidling i biblioteka og andre institusjonar som fremjar leselyst og leseglede.

I Bokåret 2019 foreslår regjeringa dessutan til saman 10 millionar kroner til ulike tiltak for litteraturen for barn og ungdom. Pengane vil bli fordelte på tiltak under Norsk kulturfond, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Det Norske Samlaget og Norsk barnebokinstitutt, med auka støtte til heile kretsløpet frå forsking og barnebokkritikk, til forfattarøkonomi, utgiving, distribusjon og formidling.

Satsinga inneheld desse forslaga:

  • 6,5 millionar kroner til Norsk kulturfond for å styrkje kvaliteten og formidlinga av barne- og ungdomslitteraturen. Midlane skal gå til innkjøpsordningane og som tilskot til produksjon og formidling.
  • Ein auke på 1,5 millionar kroner til barne- og ungdomsbokforsking ved Norsk barnebokinstitutt
  • Auka informasjons- og formidlingsverksemd i Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, med ei styrking på 1 million kroner
  • Ein auke på 1 million kroner til Samlaget sitt arbeid med å styrkje nynorsk innhald digitalt – også i seriesegmentet.»

Du kan lese hele forslaget til Statsbudsjett når det gjelder litteratur her

Også økt satsing på samisk litteratur

Dette skriv Regjeringa om formidling av samisk litteratur:

«Regjeringa foreslår 2 millionar kroner for å etablere ei ny ordning i Norsk kulturfond, for omsetjing av samisk litteratur til norsk og auke formidlinga av samisk litteratur.

– Vi ønskjer å bidra til at samisk litteratur kan bli formidla til alle i Norge. Samisk litteratur er ein viktig del av vår felles kulturarv, og å gjere denne tilgjengeleg for eit breiare publikum kan bidra til at vi som ikkje har samisk som vårt mål kan bli betre kjend med samisk kultur,  seier kulturminister Trine Skei Grande.

Sametinget har ansvaret for den samiske litteraturen og at bøker på samisk blir spreidde. Målet med tilskotet er at Kulturrådet skal ta eit større ansvar for at samisk litteratur blir synleg og tilgjengeleg for alle. Ved omsetjing av samisk litteratur til norsk kan desse titlane òg bli vurderte for Kulturrådet sine innkjøpsordningar og dra nytte av støtteordningane til NORLA, på like fot med den norskspråklege litteraturen.

Regjeringa foreslår å auke satsinga på samisk film med 0,6 millionar kroner, til eit tilskot på totalt 5,76 millionar kroner til Internasjonalt Samisk Filminstitutt.

Regjeringa gjer framlegg om startløyving på 6 millionar kroner til Saemien Sijte i 2019 over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjettkapittel 2445 Statsbygg, post 31 Igangsetting av ordinære prosjekter

Det siste kan du lese mer om her.  

 

BOK365 kommer tilbake med kommentarer utover dagen.

-- annonse --