KUD-pris til Jens Kristensen

Jens Kristensen er vinnar av KUD Illustrasjonspris for barne- og ungdomsbøker frå 2020.

Kristensen mottek prisen for illustrasjonane til Klodeklubben: Dei svarte svanene. Frå juryens grungjeving:

«Jens Kristensen har gjennom illustrasjonane sine skapa tydelege karakterar og stemningar i historia, i godt samspel med verbalteksten. Illustrasjonane varierer frå små vignettar til heile og doble sider. Illustrasjonane er fargerike, snilt karikerte og appellerer godt til målgruppa. Kristensen får elegant fram dei humoristiske, såre og alvorlege sidene. Framsida er med på å skape forventingar hos lesaren – og dei blir innfridde».

Jens Kristensen (f.1975) er illustratør og biletkunstnar busatt i Oslo. Han er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule. Han har illustrert ei rekkje barne- og ungdomsbøker. Klodeklubben er hans fyrste samarbeid med forfattar Ruth Lillegraven.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

 

Illustrasjonar: Jens Kristensen