Krisetal for forfattarane

Dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien held fram med å ramme forfattarane hardt. Berre i september har oppdragsmengda gått ned med 45 prosent samanlikna med september 2019.

Etter nedstenginga 12. mars har medlemmene i Norsk Forfattersentrum opplevd ein nedgang i talet på oppdrag på 35 prosent, og ein nedgang i honorarutbetalingar på 32 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Til no i år har Forfattersentrum utbetalt 6,8 millionar kroner mindre i honorar enn ved utgangen av september 2019, skriv dei i ei pressemelding.

Usikker framtid

«Pandemien kjem på toppen av at forfattarøkonomien allereie var i krise lenge før korona, med ein jamn nedgang i medianinntekt sidan 2006. Forfattarar flest har for eksempel ikkje råd til å kjøpe sjukelønnsforsikring eller spare til pensjon. Når mange forfattarar for tida må avlyse oppdrag fordi dei har milde symptom på forkjøling, eller ufrivillig har hamna i karantene som nærkontaktar til nokon som er smitta av Covid-19, er det dermed utelukkande utøvaren som må ta den økonomiske støyten.»

Forfattersentrum skriv at forfattarane opplever utfordringer på fleire område, og at rausheta fra offentlige aktører ikkje kan halde frem i det uendelege.

«Vi fryktar derfor for framtida til forfattarane dersom dagens situasjon held fram: Mange forfattarar tener vanlegvis ein stor del av årsinntekta si i månadene vi har framfor oss, og hittil i september, den første av dei tradisjonelt sett mest intense bokhaustmånadene, har vi altså registrert 45 prosent færre oppdrag.»

Dei opplyser og at fleire store arenaer som formidlar litteratur, melder at 2021 vil bli eit år med lågare budsjett og færre oppdrag.

Kvalitetssikra kulturopplevingar

Forfattersentrum har fleire forslag til moglege tiltak som ikkje berre vil komme forfattarane til gode, men bidra til demokratibygging og styrke det norske språket. Eit tiltak som vil ha stor betydning både for forfattarar og lesarar, er å auke støtta til litteraturhusa og litteraturfestivalane permanent.

«Eit anna konkret tiltak departementet kan gjere, er å auke potten til Den kulturelle skulesekken. Å gi DKS større økonomiske musklar, vil både gi tryggleik til dei som tener minst på boksal og mest på oppdrag, barne- og ungdomsbokforfattarane, og føre til at fleire elevar får kvalitetssikra kulturopplevingar i kvardagen sin. Klarar vi ikkje å gi utøvarane våre eit minimum av tryggleik, er det ei reel fare for at vi kjem ut av pandemitida med færre forfattarar som skriv på heil- eller deltid. Det vil gå utover breidda i norsk litteratur.»

 

(Foto: M-A-U/iStock)