Hei du, eg elskar deg, din jævel!

HAUSTENS MANN: Tore Renberg. Foto: Marie von Krogh

Med Tollak har Tore Renberg skapt haustens mest komplekse og kollapsande romanfigur.

La oss straks slå fast noko som også andre meldarar har vore inne på. Tollak til Ingeborg er ein av haustens romanar og blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap. For snart ti år sidan heiste han Jarle Klepp til nye høgder i den siste av fire Jarle Klepp-bøker, Dette er mine gamle dager. Der var farens alkoholisme ein motor i handlinga, og flaska i skåpet er ein hjelpemotor i Tollak til Ingeborg. Tollak skal / skal ikkje drikke og slit med seg sjølv, men han er ein så kompleks romanperson at dette ser ut til å vere eit av dei mindre problema hans. Det han er medviten, er at slarven går når han drikk, slarvekjeften tek han dit han ikke har råd til å vere. Ein mann med så mange hemmelegheiter, må ha stålkontroll.


Tore Renberg:
Tollak til Ingeborg
Skjønnlitteratur
Cappelen Damm
166 sider

Det er meisterleg det Tore Renberg gjer med historia, som i hendene på ein mindre konsentrert forfattar kunne endt som ei flat hillbillyhistorie om bygda versus byen, moderne liv versus det Tollak nektar å forlata, vald utan hjarte og vilje til godheit og relasjonar som er så sørgeleg svake at det er berre såvidt det ber.

Dei svarte hundane kan berre komme

Tollak fører ordet. Du skal ikkje lese så mange linjene før du forstår at noko anna er plent umogleg. Tollak fører ordet også når han teier og styrer familien med stilla si. Det boblar under overflatene. Dottera Hillevi skuldar faren for å ha øydelagt livet hennar, og dette får ho gjere gjennom heile romanen, før vi etterkvart får ein idé om kva det gjeld. Men heller ikkje dette er hovedkonflikta. Ho er på innsida av Tollak.

Det tar så lang tid å komme overeins med seg sjølv.

Men så gjer ein det. Til slutt.

Ein dag står alt ein har gjort og alt ein har sett og alle ein har møtt, på rekke og rad framfor ein, og det er ryddig. Alt saman. Det vonde og det gode. Då veit ein at ein har komme overeins med seg sjølv.

Slik er det for meg no.

Dei svarte hundane kan komme. 

Til tider minner Tollak om den grusomme Lester Ballard frå Et guds barn av Cormac McCarthy, men så er han finstilt som ein Torgny Lindgren-gamling og Bergsveinn Birgissons Svar på brev frå Helga er heller ikkje av vegen: Tollak er både kjærleg, rettvis, sta og ein jævel av rang.

Øm jævel

Renberg har lagt opp romanen som ei kriminalforteljing, bortsett frå at det kjem så kasta på deg at du ikkje kan legge bort boka. Klippehengarane får meg til å tenke: «Men Tollak, har du vore slik? Har DU, grinete, stolte gubben, tippa over no – eller er det meir i vente?». Forfattaren bremsar oss ned igjen med fint skorne poetiske bilete, ømme tankar. Sjølv kjærleiken mellom Tollak og Ingeborg skin. Ja, også i elskoven får han vist seg som eit menneskeleg menneske. Så er det avgrunnane i Tollak og kampen mellom det gode og det vonde som blir dramaet.

Igjen tenker eg på korleis historia kunne havarert i hendene på ein mindre dyktig forfattar, og det handlar om at boga er så spent at alt kan gå gale når som helst. Der held Tore Renberg oss i 166 sider og akkurat passe mykje blir fortald. Enkelt stadar i starten blir forfattaren ivrig på at Tollak får forklara seg (lesaren har allereie sett og opplevd «…det  tomme livet eg no lever…«, side 68) men det er innanfor feilmarginen i ein stor roman.

Tollak får rase og rase frå seg, utan å bli ein sjablong, og det er den type raseri som brukar blinde folk heilt, føre dei heilt inn i mørkret. Å bli trengt inn i dei mørkaste hjørnene, stenger ofte for innsikter og Tollak kunne blitt eit svin, ein god, gamaldags kranglepave som det berre er å leie bak løa og gjere det av med når tida er inne. Men både Renberg og Tollak ser på Tollak som ein kjærleikens mann, noko som i alle fall kjem Oddo til gode.

Oddo har knapt ein replikk i heile romanen, men er svært sentral. Oddo heiter Otto, men grunna ein talefeil og lit fleire ting som gjer at han ikkje er som alle andre i bygda, er han ein utsette type. Ingeborg og Tollak tek han til seg og let han få vere Oddo, men det skjer ikkje utan konflikt mellom dei vaksne.

Tittelen Tollak til Ingeborg kjem av at folk seier at han er hennar, at ho tar tatt han inn, tatt seg av han. Alle veit at Tollak er sær, ein stabukk, ein type du ikkje legg deg ut med, men Ingeborg er skjoldet hans mot verda, ei som mildnar han. Heilt til ho ikkje er det lenger.

Tollak til Ingeborg skal lesast sakte og i bolkar. Tollak er ein eksistens som treng å få synke i lesaren. Det er folk til alt, seier far min. Og det er også folk i slike som Tollak.

VIDAR KVALSHAUG