Samlaget trygt gjennom pandemiåret

Adm. direktør Edmund Austigard, foto: Samlaget

Etter eit par år med mindre underskot, snudde nynorskforlaget i fjor resultatet til eit driftsoverskudd på éin million kroner.

Omsetninga enda i fjor på litt over 60 millioner kroner. Av dette utgjer statstilskotet cirka ein tredjedel.

I balanserekneskapen merkar ein seg ein bokført egenkapital på heile 40 millioner kroner.

Økonomien i Samlaget er god med ein eigenkapitalgrad på 63 prosent. Som ei stifting går ingenting av overskottet til aksjonærar, det vi tener skal brukast på forfattarutvikling, kompetanseutvikling og nye litteraturprosjekt, er kommentaren vi får frå administrerende direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

Utfordringane prega pandemiåret 

Austigard fortel at 2020 baud på ei rad utfordringar.

— Vi fekk verkeleg kjenne på kva den fysiske bokhandelen betyr når ordrelinjene forsvann på vårparten. Og i neste omgang når ting løyste utover hausten. Totalt gjekk salet gjennom bokhandel opp med 5%. Innkjøpet frå Norsk Kulturråd gjekk derimot tilbake med 43% frå 2019. Vi snudde oss raskt rundt då det blei stille under nedstengingsperioden og gjorde eit tigersprang digitalt, opplevde å lansere bok for 10 000 sjåarar, og brukte den ledige tida på eit krafttak på lydfil. I driftskostnadane ligg 1,5 millionar kr. i lydfilinvesteringar.

Lang liste av populære bøker

Vi ber Austigard nemne nokre titlar som hevda seg godt.

Mange hevda seg godt, men i sær Septologien bok III-V av Jon Fosse, Olaug Nilssen med Yt etter evne, få etter behov, og Elena Ferrante si Dei vaksnes løgnaktige liv.

Og så hadde vi ei særs sterk sakliste med titlar som Mjøsa rundt med mor av Bjørn Hatterud, Eit hemmelg liv av Sigrun Slapgard, Livvakt av Simon Frammarsvik Solheim og Bibelens kvinner av Alf Kjetil Walgermo for å nemne nokre.

Vi hadde også fleire ungdomsbøker som markerte seg sterkt, til dømes Høgspenning livsfare av Helene Guåker, den blei nominert både til Brageprisen og Kritikarprisen.

Gode utsikter

— Korleis er stoda ved inngangen til bokhausten?

2021 ser bra ut så langt. Vi har ein salsoppgang i overkant av 20 prosent pr 15. august. Vi har etter mi meining ei sterk liste i haust. Jon Fosse avsluttar Septologien med bok VI-VII Eit nytt namn. Marit Eikemo kjem med Team Tuva. Kari Anne Bye kjem med ein strålande oppfølgjar til brakdebuten i fjor, Eg bur her no er tittelen på den.

Har også lyst å nemne Maria Lavik si nyleg lanserte Vi, dei fattige. Det er ei viktig bok som alt har bana seg veg inn i valkampen. Og så skal Halvor Folgerø by folk på Vestlandsvegar. Eg er også veldig stolt over at vi kan lansere ei ny saksatsing med serien Krisetid. Strikking blir det også, og mange spennande titlar for dei yngre. Det blir ein knakande god haust.

Og ikkje gløym Fossefestivalen som startar 3. september!