Klar for nye løft

POSITIVT OVERRASKET: Salgs- og markedssjef i Samlaget, Anne Liv Tresselt, er glad i Carl Frode Tillers mørke humor og ble positivt overrasket av Deborah Levys ærlige fortellinger i The Cost of Living. Foto: Sara Olivia Berntsen.

UKAS BOKFJES: Salgs- og markedssjef i Samlaget, Anne Liv Tresselt, leter etter en ny kollega og gleder seg til den dagen Jon Fosse får Nobelprisen.

Vår stafettpinne reiser videre. Sist sendte Kjersti Myre den til salgs- og markedssjef i Samlaget, Anne Liv Tresselt, som har fulle dager med både høstbøker og den kommende vårlista. Ikke minst er hun på jakt etter en ny digital markedsfører og innholdsprodusent.

– Hva jobber du mest med akkurat nå?

Denne tida av året er utruleg spennande og travel. Vi har akkurat lansert Marit Eikemos herlege roman Team Tuva med fulle salar i Bergen og på festivalen i Odda, i dag lanserer vi Halvor Folgerøs Vestlandsvegar og skal rulle ut marknadsplanen der. Samtidig som vi losar ut haustbøker jobbar vi i kulissane med vårlista som snart skal presenterast for bokråd, media og arrangørar. Vi starta budsjettprosessen i går og jobbar parallelt med lydstrategien for 22. Og i løpet av dagen skal eg skrive utlysing til ei ny stilling som digital marknadsførar og innhaldsprodusent her på forlaget. Det kjem til å gi eit løft for forfattarane våre og for forlaget vårt frå neste år av!

– Bokbrøken: Hvordan er dine lesevaner – hvor stor andel av boklesingen er forbundet med jobb og hvor mye er ren fornøyelse?

Heldigvis kjennes det framleis som ei stor glede å kaste seg over nye Samlagsmanus, og i periodar på hausten og våren blir det mest jobblesing. Vanlegvis pleier eg å få ferie-lest mykje og då har det hopa seg opp masse, så det er ikkje så sjeldan at eg koser meg med ei bok eg burde ha lese for lenge sidan. Akkurat no er det Carl Frode Tillers Begynnelser som eg starta på i helga. Eg liker godt den mørke humoren hans, og grepet med å rulle ut historia baklengs er friskt!

– Trekk frem en i bokbransjen du virkelig verdsetter – og hvorfor?

Det er så mange interessante, herlege og dyktige folk i bransjen vår, og det er opptur å endeleg treffast igjen. Ei eg er kjempeglad i er Ellen Hognes, marknadssjef i Oktober. Ho er kuler og krutt, har ein herleg humor og eit stort hjarte for andre – og for litteratur. Det er alltid spennande å møte ho, eg gler meg til neste gong.

– Hvis du skulle løfte frem en virkelig god bok du har lest det siste året – hvilken velger du (og hvorfor)?

Deborah Levys memoar, The Cost of Living, var ei stor overrasking for meg. Ho fortel om første året som nyskilt og nyetablert i London, og mange av scenene derifrå har blitt med meg vidare. Som når ho eksploderer i den vesle kiosken der ho kjøper vann-is til mora som ligg på dødsleiet. Eller når ho el-syklar til forlagsfest og blir stuck med ein forfattar som bare vil snakke om 2. verdskrigen. Klubben var ein thrillar av ein metoo-dokumentar, og Åsa Linderborgs Året med 13 månadar var veldig fin, ikkje minst alle cafébesøka eg følte eg kunne vere med på då det var nedstenging her i Oslo.

– Hva ville du helst blitt spurt om? (Og hva ville du svart)

Kva bør eg lese av Jon Fosse? Start gjerne med Septologien. Fosse rullar ut livshistoria til to malarkunstnarar som begge heiter Asle. Den siste veka før jul ligg den eine Aslen med delirium på sjukehuset og kjempar for livet, mens den andre førebur sin aller siste juleutstilling. Samtidig som Fosse byr på ei forrykande oppvekstskildring klarer han å vise den store himmelen over oss menneska. I Septologien kan ein liten luftetur med bikkja Brage eller småkjekling med naboen Åsleik få oss til å oppleve korleis det trivielle og kvardagslege går hand i hand med det mystiske og eksistensielle ved det å vere menneske. Eg gler meg til han ein dag får Nobelprisen og enda fleire i verda skal få møte litteraturen hans.

 

 

 

365 Delinger