Jan lurte juryen – igjen



Han gjemte seg godt i Diktkammerets novemberutvalg, den godeste Jan I. Sørensen. Forkledt som astrid lillesand – og med diktet ”havn” – både overbeviste og lurte han juryen.

 

Diktet går som følger:

 

havn

 

regndråpene tar løpefart

og sklir nedover ruta

vi lever

stadig lengre

 

i hjertet klirrer ennå

din kopp

mot min skål

 

i speilet ser jeg duken

i øynene

strykejernet

ei ferje, på vei vekk

 

– Utrolig snålt at dette diktet havnet i dette flotte finaleutvalget – og stor stas, er novemberpoetens første kommentar til utmerkelsen. – Jeg holdt på litt flikking, og pling, så fant jeg ingen grunn til å stryke mer. Ikke desto mindre gøy er det!

 

Foto: Myriam H. Bjerkli

Åttende toppnotering

Jan I. Sørensen er etter hvert en kjent figur for mange, etter å ha blitt månedens poet en rekke ganger – ja, åtte. Sist var i forrige måned, forkledt som lisa schwartz, første gang var i mars 2010 – da hadde Jan deltatt i Diktkammeret i to år.

 

– Vil du fortelle litt om månedens dikt, ”havn”?

 

– Diktet er en syntese av tre ulike elementer som alle dreier seg om en nær persons fravær. Dette kan være en person som har brutt ut av et forhold, en som har gått bort, eller begge deler. Det siste verset beskriver assosiativt en slik reise, hvor elementene stryke, duk, strykejern blir et bilde på havet, ei ferje, et farvel, et minne. Dette går også i dialog med en annen tekst:

«og selv om du ikke er her

kjenner jeg pusten din, som blafrer i lyset

og når du stryker meg over håret

er du ikke vinden, men duken jeg stryker»

– Det er en tekst jeg har strøket en rekke ganger, og som kanskje til slutt fikk sin form/formulering i dette diktet. Og som således er i havn, også.

 

Poesiens fysiske møterom

Jan er 58 år, halvtidsfar og pensjonist. Når det gjelder skrivinga, går det mest i dikt. Det hender han jobber med kortprosa eller noveller, men de ender opp som dikt – eller stort sett i skrivebordsskuffen.

 

– Hva eller hvem inspirerer deg?

 

– Jeg inspireres av folk, hendelser, natur, musikk. Navn: Ellen Einan, Tor Ulven, Bjørn Aamodt, Georg Johannesen – ja, og Helge Torvund, ikke minst for hans engasjement for poesiens fremme, på sosiale medier og andre steder.

 

Jan jobber selv med poesiens fremme og bruker tid på konserter og litterære treff – enten han er med på å arrangere dem selv eller han deltar på andres.

Han er også med i ensemblet Kammerpoetane. De arrangerer jevnlige poesikonserter, og den neste finner sted i Sørum kirke 27. januar.

 

Vi gratulerer novemberpoeten med følgende jurykommentar:

 

Gnistrande og kvardagskonkret

Dette diktet er fullt av kontrastar og paradoks. Tittelen prøver å samla det heile i eit ord som innheld bod om noko trygt og heimsleg, men som samstundes er eit symbol på reise og utfart. Den eller det som snakkar i diktet, ser ut på verda gjennom ei vindusrute: regndropane tek fart og sklir på ruta slik ungar gjer når det er is på store vasspyttar. Så står det brått: “vi lever/stadig lengre” – hæh? Kvifor slår poeten fast dette etter den opninga? Kva er samanhengen her? Korleis kan me leva “stadig lengre”? Nei, gode lesar, eg har ikkje svaret på det. Det er nett dette som er poesiens underlege vesen; det er som å sitje å kikke inn i eit vitrinskap med mange skåler, fat og porselensfigurar medan kveldssolstrålene sakte vrir skuggane som visarar; samstundes med det me ser, oppstår det tankar og kjensler og assosiasjonar inne i oss, eller kvar det nå er. Og i møtet mellom det me sansar med alle sansar, og denne indre oppkoma, gnistrar det av kontrastar, motpolar, kortslutningar.

 

Helge Torvund

 

“i hjertet klirrer ennå/din kopp/mot min skål” – for ein suveren måte å konkretisera eit kjærleiksforholdminne på! Kvardagskonkrete kopp og skål som høyrer i hop, men som nå bare er eit minne av klirr i hjarta. Frå nå av kan eg aldri setja ein kopp ned på ei skål utan å tenkje på nærleik og kjærleik. “poesi over alt og under alt”  skreiv Paal-Helge Haugen i diktet “Viktig melding om poesiens framtid”, og slik er det.
“i speilet ser jeg duken/i øynene” er eigentleg både ei heilt konkret, vitskapleg konstatering; ein ser i røynda duken som er reflektert i spegelen inne i augo, på retina. Samstundes skapar poeten her eit surrealistisk bilete: at duken òg har auge og ser på den som talar. Som om ein sveitteduk heng der inne i spegelen, og Jesus brått opnar augo og ser attende, levande! Så landar diktet i tittelens lune hamn igjen; å sjå eit strykejern på ein duk på strykebrettet i spegelen, det kjente og det kjære. Heime.

Men ikkje før er det sagt, så vert hamna omgjort til utreisestad att; strykejernet er ei ferje! Og det er eit misunnelsesverdig opplagt og originalt sett bilete. Og diktet rykker oss opp av roa me var i; ferja er på veg vekk! Livet held fram. Forandring følgjer. Alltid.

For juryen,

Helge Torvund
(I juryen sit òg Kristian Rishøi og Maria Børja.)

 

Diktkammeret

Diktkammeret har sidan 2001 vore eit forum for dikt. Det er ope kvar dag, heile døgnet. Diktlærar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad kårar juryen eit utval finaledikt og ein månadens poet.

Fram til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet. No lever Diktkammeret som ein sjølvstendig nettstad på Diktkammeret.no og på BOK365.

Meir enn 40 poetar har debutert som forfattar etter å ha starta skrivinga på Diktkammeret. Det har òg vore publisert fleire diktkammerbøker, sist jubileumsutgåva Å våga seg ut i ord på Samlaget i 2011.

God skrivehaust! Og hugs at Diktkammeret er ope kvar dag, heile døgnet.

 

 

 

0 Delinger