Intenst og varmt bygdeportrett

TREDJE BOK: Forfatter Kjersti Rorgemoen er ute med sin tredje roman sidan 2009. Foto: Helge Hansen

Eit fint smidd kunstverk som vil sjå forskjellig ut frå gong til gong.

Kjersti Rorgemoens tredje bok er ein slank affære. Teksten er såvidt lang nok til å dekke ein episode i ei normal bok, men ho spinn eit liv inn den både rike og knappe forteljinga si. Rorgemoen finn det ømme punktet i eit livsløp og trykker på til det gjer vondt, alt i eit sanseleg språk, eit praktisk språk som skildrar samspel med dyr snarare enn fantasiar, det stofflege i tømmer og laken og lagar truverdige miniportrett av folk på ein liten stad.


Kjersti Rorgemoen:
Eit praktisk menneske
Skjønnlitteratur
Kolon Forlag
87 sider

Liv og Svein er kjærestar. Liv jobbar ved museet, Svein er fysioterapeut. Han likar å koble heilt ut i helgene og da ser dei ofte på tv, på natur- og livsstilsprogram om folk som har kasta loss, rive seg laus frå det konvensjonelle og gitt seg både natur og eremittliv i vald. For Svein er dette berre tv. For Liv er det ramme alvor. Ho gjer det, kjøper ein gammel husmannsplass, ei rønne, sju kilometer frå folk. Frå der startar ting å rivne, men ho ser det ikkje umiddelbart.

Historia om Liv, det forsøksvis praktiske menneske, er ei mørk soge, men brulagt med så mange gode intensjonar, så mykje liv og ønske om å gjere noko rett for både andre, naturen og seg sjølv. Og kanskje føre alt dette saman i ei større eining:

I staden for å kjøpe ein ATV og ein snøskuter skulle eg byrje å gå sakte og baklengs innover stien til det avsidesliggande småbruket, eg måtte berre gjere det nok så eg kjende stien like godt som meg sjølv. Eg visste kvar landskapet hadde sine stup, det var i andre retningar, og trong ikkje frykte for å gå sakte og baklengs mot avgrunnen ved ein slik aksjon. Ei omfamning av den tungvinne dimensjonen ved tilværet, ein seig og absolutt protest. 

Rorgemoen skriv oppmerksamt om kjønnsrollar, sjargong og bygdetypar, utan å ville drite ut. Eit vendepunkt for Liv er ein naturfamilie som har vore på tv og som har møtt opp like ved museet under jonsokfeiringa, som har kome i stand grunna besk av fire amerikanarar på jakt etter røtene sine. Naturfamilien blir sett sovande i bilen. Liv nøyer seg med det, men er dei eigentleg døde? Var det sin eigen draum ho så død inne i den bilen? Ho kjem til bakpå ein ATV i vill fart mellom trea, på veg mot plassen som heiter Ørnestupet. Liv er eit mottakeleg og komplekst menneske. Ho bevegar seg i landskapet mellom to ytterpunkt: Å hamne i ein bygdesofa under ein 55-tommar – eller to walk the line. 

Kjersti Rorgemoens originale roman er full av symbolikk og moglege tolkningar, som gjer at leseopplevinga kan skifta frå gong til gong og person til person. Eg ser ei kvinne som veit kva konsekvensar valet hennar får og står i det. Ho fører seg sjølv og naturen saman i ei større eining. Det lagar ikkje slike lenger.

VIDAR KVALSHAUG