«Heim» til folket!

Hallgeir Opedal på Hardangervidda med Hårteigen i bakgrunnen. (foto: privat)

DAGENS SOMMERGJEST: Journalist og forfatter Hallgeir Opedal er velsignet med ei god penn.

Til høsten er Hallgeir Opedal aktuell med boka «Kampklar» på Bonnier forlag. En sakprosabok om Bodø Glimts mentaltrener Bjørn Mannsverk. Dette blir Opedals 12. utgivelse.

I 2019 ga Opedal ut «Heim» på Samlaget, men boken druknet dessverre i flommen av andre gode bøker den høsten. Det var en gedigen nedtur for ham. Men så i vinter tok Alexander Leborg i Minuskel forlag kontakt med Opedal på Facebook. Han hadde lest boken, og skrev: «Det er lenge siden jeg har lest en så underfundig og glitrende historie!».

Leborg var så begeistret at han ville gi ut boka på nytt. For en symbolsk sum på 500 kroner, fikk han rettighetene og nå er boka igjen tilgjengelig på nett og hos utvalgte bokhandlere.

Hallgeir Opedal er ellers frilansjournalist for mellom andre Aftenposten og Dag og Tid. Han driver sitt enkeltmannsforetak under mottoet: «Betaler du godt, skriv eg godt».

– Hvor tilbringer du ferien, Hallgeir?

Kvar sommar følgjer eg den same ruta: Sjøhytta til mor på Utbjoa, fire-fem dagar i telt på Hardangervidda eller i Jotunheimen, og så forsøker eg å lime meg inn på gode vener som har hytter og feriehus. I alle år har eg reist til eit middelhavsland, men sidan eg ikkje lenger har nokon til å smøre meg på ryggen, droppa eg den turen i år. I staden skal eg til Budapest med min eldste son.

– Hva må en god sommerferie inneholde?

Eg synest vel eigentleg at sommaren er oppskrytt. Den beste tida i Noreg er syrintida, altså dei tre til fem vekene når syrinen blømer. Etter syrinbløminga kjem myggen, flåtten, vasspesten og brennmanetene. Men det skal seiast – kjenningsmelodien til Reiseradioen, «The Kid from Red Bank», gjev meg alltid ei godkjensle.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Eg er Gynt´sk av meg når det gjeld bøker: «Man skal ei lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke». Nær sagt alt eg les, har samanheng med skriving. I 2022 har eg vore gjennom ein periode med finske forfattarar; Kjell Westö, Väinö Linna, Arto Paasilinna, dessutan Roy Jacobsens fantastiske roman frå Vinterkrigen, Hoggerne. No i juni var eg ti dagar i Finland for Dag og Tid, og skal skrive ein artikkelserie til hausten om kvifor finnane er så finske. Øvst i feriebunken ligg Fiskehuset av Stein Torleif Bjella. Har så vidt begynt, og ho verkar lovande. Og så er boka så velsigna kort. Endå kortare enn Hoggerne.

– Hva ville vært tittelen på boken om ditt liv?

«Ein utilpass mann». Det skal også bli ei kort bok.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Som frilansar er eg min eigen herre og min eigen slave. Eg må dessverre følgje med. Men i feriane fjernar eg alltid appen til tidstjuven Facebook. Berre appen. Facebook ligg og lurer bak der, men er meir krunglete å finne fram.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Grilla lammekotelettar marinert i olivenolje, kvitlauk og rosmarin.

– Ditt beste ferieminne?

Å flyte ned ei roleg og grønkjøleg vestlandselv med mine tre søner.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Torleiv Grue! Eg trefte han fyrste gong på nyåret 1993 – i 30-årsdagen til forfattaren Terje Holtet Larsen. Eg tenkte at om eg nokon sinne skal gje ut ei bok, skal eg gå til han. Ti år seinare hadde eg skrive eit utkast til ein roman, og i mars 2003 sendte eg over manuset. Grue skulle lese, lova han, og etter fem dagar hadde eg ikkje meir tålmod, og ringte. Han sa: «Eg trur ikkje dette er nokon roman». Eg var skuffa då, knust, «kanskje er eg berre ein journalist, ein øyeblikkets tenar». Etter to mørke veker ringte Torleiv Grue tilbake, han ville møte meg.

No hadde han lese alt saman, sa han, og han hadde tatt feil. Dette var ein roman. Det var berre å kome til kontoret og signere kontrakten.

Det beste rådet eg fekk undervegs av den kloke og framifrå forlagsredaktøren var: «Ikkje fortell meg noko om kva du har tenkt å gjere. Skriv det til meg.» Romanen «Jøss» kom ut i 2004.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Det fyrste eg ville gjort, ville vere å instruere Kulturrådet til å kjøpe inn boka mi «Heim», og når  departementsråden hadde sagt at «det kan du ikkje gjere», så hadde eg svart, «men eg gjer det likevel». Og når opposisjonen hadde fyra seg opp, ville eg laga eit helvetes spetakkel, før eg hadde gått av med rak rygg. «Heim» til folket ville vore mitt kulturbidrag som statsråd.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

«Jøss: Hallgeir Opedal – ny kulturminister!».

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

Har du ambisjoner om å bli kulturminister? Til det er svaret sjølvsagt eit rungande njaaa.

0 Delinger