Heile sagaen om seksåringen samla

Tor Arve Røssland (Foto: Privat)

BARNEBOKPROFIL: Tor Arve Røssland masa på forlaget om ei samling om Pode. Dei blei overtala.

Tor Arve Røssland skriver bøker for både barn og vaksne. Han er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Han debuterte i 1999 med Pode. Denne våren kommer alle bøkene i serien om seksåringen samla.

 

Forfatter: Tor Arve Røssland

Aktuell med: Absolutt Pode (Samlaget)

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

Absolutt Pode er jo ikkje akkurat fe ny, i alle fall ikkje heile boka. Den er ei samling av fire barnebøker eg gav ut i perioden 1999-2006. I tillegg er det to litt kortare forteljingar om Pode, der «Podekast» er heilt nyskriven. For nokre år sidan byrja eg å mase på forlaget om dei ikkje kunne tenkje seg å gi desse bøkene ut på nytt, gjerne som ei samling, og eg klarte faktisk å overtale dei til nettopp det. Så no kjem heile sagaen om seksåringen ut med nytt omslag og eit par heilt ferske illustrasjonar av sjølvaste Øyvind Torseter.

Tre barnebok-favoritter:

Charlie og sjokoladefabrikken av Roald Dahl. Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren. Dustefjerten av Rune Belsvik.

Hvordan jobber du?

– Eit veldig stort spørsmål. Eg jobbar jo heile tida, eigentleg. Bortsett frå når eg søv, eller speler Playstation. Eg er litt rutineprega, jobbar frå tidleg morgon og til eit stund etter lunsj. Men i periodar når eg turnerer norske skular og bur vekevis på hotell, då jobbar eg kanskje ettermiddag og kveld. Eg skriv fleire bøker samstundes, og grublar mykje på idear før eg byrjar å skrive.

Din egen favorittillustrasjon?

– Eg illustrerer ikkje, men eg diggar alt som Øyvind Torseter gjorde med Pode-bøkene mine. Absurd og herleg! Med illustrasjonar som utvida teksten noko enormt.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn? 

– Mest sannsynleg Charlie og sjokoladefabrikken. Hovudsakleg fordi eg likar sjokolade, og eg hugsar enno skildringa av korleis Charlie skrapte av sjokoladepapiret litt etter litt, og åt berre ein ørliten bit kvar gong. Eg var ei enkel sjel som barn.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Gandalf, frå The Hobbit. Han har mange lure triks på lur. 

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Ole Brumm. Han er ein skikkeleg livsnytar.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Ei skikkeleg god barnebok må innehalde element som ikkje kan listast opp på førehand. Helst mange overraskingar og masse spenning. Gjerne ein skurk eller to.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Oi! Den var vanskeleg. Harry Potter rotar seg jo bort i mykje strevsomt, men eg kunne eigentleg ikkje tenkt meg å reise over dei sju hav i båt, eg blir så lett svimmel i høge bølgjer. Kan eg få lov til å opphalde meg i Harry Potter sitt litterære univers? Henge rundt Hogwarts og drikke butterbeer med Hagrid og Snape? I så fall svarer eg det.