Haugtussa

Lyrisk: Arne Garborg

Fritenkeren Arne Garborg (1851-1924) var kjent som landsmålets ledende prosaforfatter da han i 1895 overrasket med versefortellingen Haugtussa.

Hovedpersonen – Veslemøy – er en følsom ung kvinne på Jæren. Hun slites av et ødelagt kjærlighetsforhold og hun frykter mørket i folketroen. Tross den trolske stemningen som hviler over verket er det “ingen stad ein så sterkt som i Haugtussa merkar den livsglede og livselsk som – trass alt – budde i Garborg”, skrev hans biograf Rolv Thesen.

 

Arne_Garborg

 

Haugtussa står som ett av Arne Garborgs – dermed også norsk litteraturs – hovedverk. Da Garborg fylte 70 år, samlet norsk ungdom inn hundre tusen kroner – svært mye penger den gang – som folkegave til dikteren.

 

haugtussa

 

Mange har satt musikk til diktsyklusen, først var Edvard Grieg. I 1995 – hundre år etter utgivelsen – mottok Lynni Treekrem en meget fortjent Spellemannspris for albumet «Haugtussa», følsomt tonesatt av Ketil Bjørnstad. Her kan du høre ukens dikt i denne tapning.

Vakkert er det.

 

 

Til deg, du Hei og bleike Myr

 

Til deg, du Hei og bleike Myr

med Bukkeblad,

der Hegre stig og Heilo flyr,

eg gjev mitt Kvad.

 

Til deg, du visne Lyng um Haug,

der Draumar sviv,

eg gjev min Song um Dimd og Draug

og dulde Liv.

 

Eg kjenner deg, du Trollheim grå,

du Skugge-Natt!

Eg rømde rædd; men stundom må

eg sjå deg att.

 

Eg kjenner deg, du Havsens Marm

med Galdre-Song;

du gauv meg Gru i rædde Barm

so mang ein Gong.

 

Eg kjenner Striden tung og sein

mot Trolldoms Vald.

Gud hjelpe oss for brotne Bein

og Mannefall!

 

Eg kjener deg — eg kjenner deg,

som ikkje vann! —

Eg såg din Strid, eg veit din Veg

i Skugge-Land.

 

Eg røynde sjølv den Striden stygg

i mange År,

med ville Mod, med bøygde Rygg,

med svære Sår.

 

Du um meg sviv, du hjå meg sit,

du arme Ånd!

I meg du enno riv og slit

i dine Bånd.

 

Eg veit det vel: dei sterke Troll,

den Vilje rik;

ein Båt i Foss, eit Kvad i Moll,

sløkkt i eit Skrik. —

 

*

Men Lerka stig frå gløymde Grav

med Sigers Ljod;

og Vinden stryker inn av Hav

so frisk og god.

 

Og um me kjenner Gråt og Gru

og Saknad sår,

so må me Lerkesongen tru,

som lovar Vår.

 

 

 

 

Arne Garborg: «Haugtussa» (Aschehoug, 1895)

Lynni Treekrem: «Haugtussa» (Kirkelig Kulturverksted, 1995)

 

Garborg malt av Eilif Peterssen (1894) Foto: Nasjonalbiblioteket