Glitrande om vald i familien

YPPERLEG VAKSENDEBUT: Anders Totland går i opptråkka spor på sin eigen måte. Foto: Sara Berntsen

Ein gripande og smart roman som held tilbake, som held og held - slik hovudpersonen Isak har gjort heile livet.

Ein skulle tru Anders Totland tulla med oss. Etter ein heil del barne- og ungdomsbøker sidan 2015,  tar han steget inn i vaksenromanen. Det går etter kjend oppskrift: Norsk litteratur er eit reisebyrå for menn i byane som drar tilbake, som drar heimover med ei uggen kjensle, som drar for å sjå etter noko ubestemmeleg i fortida, all inclusive.

Men Anders Totland tullar ikkje. Han går rett inn i romanklisjéen om dei tause menn og stygge bygdeblikk med stor sjølvtillit. Etter to føreseielege opningskapittel har han skrive

Anders Totland:
Vintertonar

Skjønnlitteratur
Samlaget
137 sider

seg varm og det er ikkje måte på korleis han kan stramme skruane og halde lesaren i eit hardt tak gjennom desse dagane før jul.

Katten til Olav H. 

Sjølv om vegen er trakka før, det er spesielt godt gjort i Utmark-trilogien til Oddmund Hagen, er det skrivemåten det kjem an på: Dei små vala, dei store, å finne ein rett slutt og lage gagns menneske av i alle fall nokre av dei han finn på. Pluss å halde tilbake:

Eg snakkar litt med katten, som hoppar ned og smyg seg mellom beina mine. Eg kan ikkje hugsa å ha sett han der før. Mor likte aldri kattar, her var det ho som var varast i garden.

Her ville ein mindre øva forfattar ha lagt til «…som Olav H. Hauge sa», men slike fine lån er lov. For Isak, hovudpersonen vår, ser mor si eller minne om mor si kvar han går der heime. Mor er ikkje meir og ho var ikkje rare eksistensen dei siste åra ho og Isak budde på garden. Faren hadde det meir i nevane enn nokon anna plass.

Taus vald

Forfattaren Ola Bauer var svært god til å skrive om vald, helst knockoutvald når menneska er som mest pressa, men Anders Totland greier å mane fram ei svært uhyggeleg kjensle av valden, sjølv om han knapt skriv kva som faktisk hende.

Isak innser at han ikkje hugsar alt frå åra på garden, men han har mor sine dagbøker å halde seg til. Ting som står der blir meir openberre for han under det første besøket heime. Faren er sjuk, men det skal ikkje snakkast om. Ikkje det heller.

Sterke foreldreportrett

Foreldreportretta er sterke. Isak vaklar litt i kor tydeleg han teiknar dei, han hugsar jo ikkje så mykje. Korleis kan eit barn gløyme så mykje? Berre tanken er hjarteskjerande. At språket er såpass nøkternt og kvardagsleg, forsterkar fortidas gjerningar og hendingar. Isak ser det han ser, det same som oss andre, men han legg meir i visse ting sidan han har ei fortid her, ein barndom. Romanen rullar opp kva det er for ei historie. Terapeuten han har gått til har ikkje klart det. Isak har ikkje hugsa nok, har ikkje kobla hendingar eller konkludert. Han kjem for å pusle saman historie si før det er for seint.

Ein siste gong, ein gong til

Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome vidare, til å hjelpe Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong.

Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.

 

VIDAR KVALSHAUG

 

 

 

 

-- annonse --