LUKE 14: Bragepris nominerte Brynjulf Jung Tjønn ser fine tendensar i norsk kulturpolitikk om dagen, men han fryktar framtida.
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er ein kritikarrost og allsidig forfattar, som skriv for både barn, ungdom og vaksne. Han er oppvaksen i Feios i Sogn og Fjordane, men har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. I 2002 debuterte han med romanen Eg kom for å elske.
I 2022 kom diktsamlinga Kvit norsk mann som gav han både Ungdommens kritikarpris, Kritikerprisen for beste vaksenbok og Nynorsk litteraturpris.
I 2023 vart han vald til leiar av Forfatterforeningen, men gjekk av i januar i år for å fokusera på forfattarskapen.
I år er han aktuell med diktsamlinga Norsk kjærleik som var blant dei nominerte til Brageprisen.
– Kvar er du jula i år, Brynjulf?
– Litt i Oslo og litt på fjellet.
– Det blir ikkje jul utan?
– Pinnekjøt, kålrabistappe, krumkaker og julebrus! Og masse konfekt.
– Kva har vore årets store leseoppleving for deg?
– «Småting som dette» av Claire Keegan.
– Kva tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
– «Technotika» av Heidi Furre, «Sameproblemet» av Kathrine Nedrejord og «Det tolvte huset» av Malin C. Rønning.
– Om du kunne sett ei bok på pensum i norske skular i 2025, kva ville det vore?
– Det må bli to: «Rasismens poetikk» og «Alle blir fri» av Guro Sibeko.
– Har du eit nyttårsønske på vegner av Kultur-Noreg?
– Eg tykkjer vi ser fine tendensar i norsk kulturpolitikk for tida, med gradvis styrking av kunstnarstipend, innkjøpsordninga for sakprosa og for ulike leselysttiltak. Diverre fryktar eg at borgarleg fleirtal vil endre på dette ved neste val. Viss ein er kunstnar, eller forbrukar av kunst, for eksempel bokkjøpar, så er kanskje ikkje ei borgarleg regjering noko å trakte etter.