I ein kronikk her i BOK365 fredag stilte Anelin Strømholm spørsmålet: – Er det bedre å skrive dårlig nynorsk enn godt bokmål? I dag får ho svar frå leiaren i Noregs Mållag.
30. januar publiserer Bok365 eit innlegg av varamedlem til Riksmålsforbundets sentralstyre Anelin Strømholm, og temaet er enda ein gong sidemålet i skolen og at det må bort.
I overskrifta stiller Strømholm eit retorisk spørsmål: – Er det bedre å skrive dårlig nynorsk enn godt bokmål? Så skriv ho at ho er sikker på at Noregs Mållag vil svare ja på dette spørsmålet. Som leiar av Noregs Mållag vil eg seie ja til nynorsk, vel vitande om at dei fleste språkbrukarar blir betre i språket gjennom bruk, og nesten berre slik. Så vil eg legge til at spørsmålet blir stilt på grunnlag av feil premissar og eit uvitskapleg syn på språklæring.
Det ser ut som om Strømholm ser på språk-kapasiteten til elevane som eit oppbevaringsboks-system med avgrensa plass slik at om eit språk skal inn, så må eit anna ut. Men språkkunnskap aukar språkkunnskap, og tospråklege barn skjønner raskare korleis «det andre» språket fungerer.
Strømholm røper kor snevert ho tenker når ho skriv at «når bokmålselever skal skrive nynorsk, må de plutselig begynne å tenke grammatikk». Det kan tyde på at ho som lærar ser på det som heilt greitt å lære bort norsk bokmål utan å trekke inn noko så byrdefullt som grammatikk.
Eg har vore lektor på bokmålsskolen Frederik II vgs. i Fredrikstad sidan 1985, og eg har også ein god del erfaringar frå klasserommet: For det første må all språklæring på vidaregåande skole (sjølvsagt også den i bokmål) støttast opp med grammatikk-kunnskapar. For det andre er det nettopp slik at grammatikken som inngår i nynorskopplæringa, gjer elevane meir bevisste på bokmålet dei skriv. Tenk på feilen stadig fleire gjer når dei brukar «de» som objektsform: «Guttene skremte de».
Det er mange måtar å gjere sidemålsundervisninga meir spennande på – i Fredrikstad har vi ei tevling som kallast «Nynorskmeisteren» mellom klassar. Den pleier å fenge bra. Elles er det ein god idé å bruke all den nye musikken på dialekt og nynorsk i undervisninga og få elevane til å skrive nynorsk på sosiale medium. Men enda viktigare er det å sjå nærmare på dei skoleprosjekta som bruker mykje nynorsk som svar på dårlege nynorskkunnskapar.
Eit tospråkleg land
Ein annan premiss i innlegget er at nynorsken er på vikande front, og at dette er kunnskapar elevane ikkje kjem til å få bruk for i framtida. Men eigentleg er det slik at det aldri har vore produsert meir skriftleg nynorsk i landet enn nå. Sjå på næringslivet der alt frå store regionale verksemder som Dyrsku’n i Telemark til nasjonale og internasjonale bedrifter som Skogstad sport og Kleven verft bruker nynorsk. Haldninga til nynorsk er i endring – vi ser det veldig tydeleg i Noregs Mållag, der vi i 2016 hadde det høgaste medlemstalet på 25 år. Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.
Det lærarar må vere bevisste på, er at dei skal førebu elevane på å leve og arbeide i eit land med to offisielle og sidestilte norske skriftspråk. Dette er også slått fast i overordna språkpolitiske dokument frå Stortinget, spesielt i Språkmeldinga Mål og Meining frå 2007-2008. Der står det at det skal vere reell jamstilling mellom målformene.
Den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er også ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Elevane på vidaregåande på Austlandet kan vi gjerne finne att som lærar på ein barneskole på Stord, som rådmann i Ål kommune eller som kjøpmann i Sogndal. Der er nynorsk det vanlege språket.
I innlegget skriv Strømholm at når ein lærar som ho ikkje greier å lære elevane ordentleg nynorsk, så kan ein like godt late vere. Det synspunktet deler ikkje vi. Samtidig ser også Mållaget at sidemålsundervisninga ikkje er god nok i dag. Eg har stor tru på daglege nynorskbad både i og utanfor skolen, og at det kan vere eitt av fleire tilskot til ei betre sidemålsundervisning.
Les også: Dårlig nynorsk fremfor godt bokmål?
Kommentarer, tilsvar eller synspunkter sendes til: redaksjon@bok365.no