Frå Samlaget til Skald

Janne Nygård (Foto: Skald)

Janne Nygård er tilsett som sakprosaredaktør i Skald forlag.

– Eg gler meg til å få arbeide med kvalitetsbøker i eit lite, men utruleg spennande, kreativt og nyskapande miljø, seier Nygård.

Janne Nygård (31) har ti års erfaring frå Det Norske Samlaget. Der arbeidde ho mellom anna med tidsskriftet Syn og Segn og var ansvarleg for kontraktar og rettar. Ho har lang erfaring frå den organiserte målrørsla og har ein master i nynorsk skriftkultur.

Nygård kjem frå Jølster i Sunnfjord, men er i dag busett på Nesodden utanfor Oslo, og skal i hovudsak jobbe derfrå.

Overveldande søkarliste

– Vi ville ha dei beste søkarane, så då bestemde vi oss for å lyse ut med moglegheit til fjernkontor, seier forlagssjef Simone Stibbe og føyer til at søkarlista har vore overveldande.

Det vesle forlaget har brukt pandemien til å omstrukturere drifta, noko som har opna for meir fleksibilitet og ein rykande fersk nettbutikk.

– Eg ser fram til å kunne vere med på å utvikle forlaget vidare, seier ein entusiastisk Nygård.