Fin teknikk i uryddige landskap

MODEN DEBUTANT: Kjell Olden kommer godt fra sin første bok. Foto: Tiden

Ein debut som vil og får det ganske bra til.

Dei blå beretane. Veteranberetane. Eg hugsar dei frå barndommen. Ei tid hadde kvar bygd og tettstad nokon som hadde tenestegjort for FN i Libanon. Tenesta var ei forlenging av militæret, ei danningsreise like god som skuleutdanning og opplæring i handverksfag. Dei fleste norske unggutar kom heim igjen, men i kva stand? No har vi lært at ein del fekk problem, seinskadar med det dei hadde opplevd og farane dei hadde levd tett på. Fredsbevarande styrker var ikkje nokon


Kjell Olden:
Minerydding
Skjønnlitteratur
Tiden
186 sider

søndagsskule, noko Kjell Olden viser oss i si debutbok, sjølv om dette er langt frå ei helte- og skrytebok.

Styrka i romanen ligg i at han er dempa, for det er konflikter på tre plan som flettar seg i kvarandre gjennom korte kapittel og skifte av synsvinklar: Tenesta i Midtausten, forholdet til kjærasten Siri og familien hennar, ein kristeleg familie. Her får Kjell Olden problematisert noko som nesten ikkje blir behandla i dagens litteratur. Ein seier at EEC og EF-saka splitta familiar, men jaggu skapte også Midtausten, Israel og Palestina sår i kristen-Norge.

Kva er din identitet?

Og boka har eit notidsperspektiv der vår mann, eks-soldaten, i moden alder får hjelp av ein snekkar til noko arbeid på hytta. Snekkaren snakkar om stillas, kor viktig stillaset er og han har si heilt eiga reise i samveret med eks-soldaten.

Vi treng ikkje diagnostisere forteljaren for å sjå at han slit og komposisjonen i boka speglar dette, kor kort han klarar halde ein tanke før neste jagar inn i hovudet, dei hastige tilbakeblikka, vidare, vidare, som om han har fanden sjølv i helane, og det har han i ei av kjernescenene: Som ung soldat er han på joggetur i eit område rydda for miner, men kjem for nær Jordan/Syria-grensa der han blir stoppa og tvunge ned på bakken med våpen. Dei trur han er amerikanar og han oppdagar at han ikkje har ID-kortet sitt med. Soldatane veit ikkje kven han er, han har ikkje språket til å gjere greie for det. Omsett til litteratursk: Romanen er eit forsøk på å finne tilbake til personen han ein gong var.

Olden på sitt beste

Her er eit utdrag der forfattaren vekslar meisterleg mellom bygginga saman med snekkaren og ei scene som like gjerne kunne vore frå strabasane i Midtausten. Teiknesettinga er fjerna for å gjere språket enda meir effektivt og raskt og framkalla eit flashback.

Eg får ikkje hjelp av han før pilarane er på plass. Eg må støype dei sjølv. Men det er ikkje mitt fag heller. eg ligg under hytta og skubbar meg fram under dei skrale, kalde golvmaterialane. det er som dei klemmer meg ned. Eg kiler meg fast. Sveitten, pusten, hjarteslaga kjem settande, eg pressar meg fram og tilbake kjem ikkje av flekken han trakkar på brystet mitt mred militærstøvelen det knakar han ropar eg er iskald i kroppen han røyker sigarettar i mørkeret eg ser gloa sleppe pusten greier sakte å vri meg fri kjem mreg ut lyset gneistrar hunden står i stand. 

Fleire bøker i stoffet?

Olden kunne ha dratt på med soldatskjebnar, om han som blir alkoholikar, han som er tøffingen, befalet som er mineromantikaren, men det ligg og kviler som for å minne oss på at soldattenesta også er ein jobb som har eit stort alvor over seg. No som eg har gitt forfattaren skryt for å ha dempa forteljinga, seier eg delvis imot meg sjølv og etterlyser ei enda større forteljing og eit betre samanbinding av historia. Kjell Olden er nesten like sparsommeleg som Per Petterson når det gjeld å halde tilbake opplysningar om personane ut over det scenene syner oss. Nokre stader er det greit, andre gonger går boka litt på tomgang, men alt i alt er dette ein skikkeleg debut med litterære ambisjonar og eg er spent på om det er meir i desse historiene og kringliggande landskap, om det blir fleire bøker.

VIDAR KVALSHAUG