Festkveld for Vinje

I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten, kritikaren, språkforkjemparen og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Dette blir markert med ei festframsyning på Det Norske Teatret laurdag.

Gjennom fleire hundre dikt, artiklar, reportasjar og essay i bladet Dølen og ikkje minst i den fantastiske reiseskildringa Ferdaminne, la Vinje grunnen for nynorsk som levande bruksspråk og gav oss ein usliteleg songskatt med tonar av våre fremste komponistar – deriblant Grieg.

Laurdag vil fem av teaterets skodespelarar belyse ulike sider av mennesket Vinje. Eit eige husband på scenen vil akkopagnere dei mange songane Vinje har skrive tekstane til, som til dømes «Ved Rondane» og «Blåmann, blåmann bukken min».

Feira i heile år

Vinjes 200 årsdag har blitt feira i heile 2018, og i vår blei det satt fokus på Vinje sitt liv som pressemann i ei utstilling på Nasjonalbibliotektet.

BOK365 hylla også diktaren på dagen 6. april. Den artikkelen kan du lese her.

Festkvelden på Det Norske Teatret markerer slutten på ei jubileumsveke i Oslo. Ein kvartett vil i lag med skodespelarar frå teateret framføre dikt med og utan tonefølge, utdrag frå artiklar, reiseskildringar og prosatekstar.

Les også: Ved Rundarne

Siste brevet

Aasmund Olavsson Vinje døydde 30. juli 1870 i Gran på Hadeland, og etter denne skribent si meining skreiv han noko av det vakraste og mest poetiske han skreiv nokon gong nettopp frå sjukesenga han aldri kom opp att frå. Her er eit utdrag frå eit brev til venen og medvandraren Ernst Sars siste sommaren:

”Kan du minnast utsynet frå Skjeneggen den morgonen, du? Då den kvite skodda dreiv burt millom Skagastølstindane og Koldedalsbreene lyste som gull i soleglansen! – Å jeie, å jeie, at eg inkje skal koma dit i sumar…. Men når eg no er lagd i kista, so vil mi ånd slå upp sin heim der uppe millom fjelli, og so vil eg sitja der på Falketind og sjå utyver Norig, og fjellrandine skal stiga fram …”

Festforestillinga for Vinje spelast på hovudscenen til Det Norske Teatret i Oslo laurdag 27. oktober kl. 18.00

Du kan lese meir om forestillinga på Det Norske Teatret sine nettsidar her.