Får pris for tredje gong

Jon Fosse (foto: Tom Kolstad)

Nynorsk litteraturpris går til Jon Fosse. Det er ikkje første gong.

Det andre namnet, første del av Septologien vann kritikarane i 2019 og juryen til Nynorsk litteraturpris, som i år har vore Carl Morten Amundsen, Marta Norheim og Heming Helland Gujord.

Jon Fosse vann Nynorsk litteraturpris for Bly og vatn i 1992 og Auge i vind i 2003.

Sjå heile lista her 

Boka var også på langlista til Bookerprisen, men rauk ut før finaleheatet.

Juryen skriv:

«Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På mange måtar er denne boka typisk for forfattaren, og samstundes vitnar ho etter juryens meining om fornying. Ein kjenner att skrivemåten, stilen, det suggererande og repeterande, det tilhogde språket. Men teksten er lengre enn vanleg for forfattaren. Det gjer noko med forteljinga. Her lar han over fem hundre sider gå utan at det vert sett punktum. Det gjer ikkje boka mindre leseleg. Forfattaren hjelper til med både lineskift, avsnitt og store bokstavar. Men fråværet av punktum gjev teksten ein eigen rytme, ein eigen intensitet, ei eiga tidskjensle.»