– Ei målgruppe som fort blir litt oversett

Anja Dahle Øverbye (Foto: Thomas Ekström)

BARNEBOKPROFILEN: Anja Dahle Øverbye har skrevet ei oppvekstskildring til ei målgruppe ho meinar blir oversett, nemlig gutar.

Anja Dahle Øverbye er teikneserieskapar og illustratør. Ho debuterte i 2015 med Hundedager, som og blei tildelt prisen Årets teikneserie. Øverbys bøker er oversett til engelsk, fransk og russisk. Denne våren er ho aktuell med ei bok til ei målgruppe ho meinar er litt oversett, nemleg unge gutar.

 

Forfatter: Anja Dahle Øverbye

Aktuell med: Tarjei, 13 år (Samlaget)

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg blei spurt av Samlaget om eg ville lage ein grafisk roman for målgruppa 9-12 år, og då helst gutar. Det er ei målgruppe som fort blir litt oversett. Eg sa ja, men var usikker på kva boka skulle handle om. Så ei natt drøymde eg at eg lagde ei bok som heitte «Tarjei, 13 år». Eg noterte ned tittelen så fort eg vakna, og det var startpunktet mitt. Kven var Tarjei, og kva utfordringar sto han i?

Tre barnebok-favoritter:

– Då skal eg velge bøker som passar for nettopp gutar 9-12 år. Først vil eg anbefale alt av Torild Thorstad Hauger. Eg las dei som born, og no les eg dei for sonen min. Nett no les me Det kom et skip til Bjørgvin i 1349, og sonen min på 11 år er heilt fortrylla! Ei anna bok me las for ei stund sidan er Den ville roboten av Peter Brown. Det er både spanande og varm, og det er ei tidlaus forteljing om ein robot som havnar på ei aude øy og blir adoptivmor for ein andunge. Ei siste bok eg vil anbefale er teikneserieroman-serien Fremtidens araber av Riad Sattouf. Det skildrar oppveksten hans i Midtausten, og den siste, og sjette boka er ute på fransk no. Fremtidens araber er den neste eg skal lese høgt for sonen min, når me har pløya ferdig Torild Thorstad Hauger.

Hvordan jobber du?

– Det varierer etter kvar eg er i eit prosjekt. Enten er det manus, eller så er det skissing eller teikning. Eg skal til å jobbe på ei ny bok no, og da er det mykje idémyldring. Er eg i ein slik fase teiknar eg mykje utan mål og meining i tillegg. Skissar på kafé, stilleben og så videre. Slike ting eg ikkje tek meg tid til å teikne om eg er i teikneinnspurten på ei bok. Ellers er min jobb ganske lik andre jobbar med heimekontor, og eg jobbar helst i vanleg arbeidstid.

Din egen favorittillustrasjon?

Kanskje omslaget eg lagde for Tone E. Solheim si ungdomsbok «Svarttrasta syng om natta som kom ut på Samlaget i 2020. Eg blir fortsatt glad av å sjå på den, og eg trur den reflekterer historia bra.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Som barn av 80-tallet er det Ruffen og den flyvende hollender av Tor Åge Bringsværd og Thore Hansen. Eg hugsar eg blei rasande i 1. klasse, då me borna skulle stemme på kva bok læraren skulle lese, og dei andre stemte på ei anna bok enn den. Eg kunne ikkje fatte at dei ikkje valgte «Ruffen». Ellers er det så klart Morgentåkedalen av Jan Deberitz og Farvel Rune av Marit Kaldhol. Fellesnevnaren for alle tre bøkene er vel ein melankoli, som fortsatt er med meg i mykje av arbeidet mitt.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Hufsa. Ho treng ein ven!

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Då let eg 10-åringer i meg svare; «Ravnejenta»!

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Kvalitet og godt håndtverk! Om ei bok er forseggjort og gjennomtenkt, kan den inneholde nesten kva som helst.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Velger Pippi, hundre prosent.