– Eg ville utforske det som fell utanfor normen

Kari Mathilde Hestad (Foto: Heidi Furre)

BARNEBOKPROFILEN: I Kari Mathilde Hestads debut fell begge hovedkarakterene utanfor på ulikt vis. Hestad ville utforske det som ikkje enkelt let seg definere eller plassere.

 

Kari Mathilde Hestad (f. 1978) kjem frå Austevoll i Vestland fylke og jobbar som språkkonsulent. Ho er utdanna norsklektor, og har jobbet i fleire år som både journalist og lærar. Denne våren kjem den første bok hennar, Sceneskifte (Samlaget).

 

 

 – Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Tenåra er dei følsame åra der det verkeleg kan gå beinhardt for seg i kjenslelivet. Idet boka startar har hovudpersonen min, Alex, nettopp blitt dumpa av kjærasten og bestevenninna Ronja. Alex er berre 15 og aner ikkje korleis ho skal gå fram for å takle dei vonde kjenslene ho strevar med, i tillegg blir ho fryst ut av jentene i klassen og føler seg forferdeleg aleine. Unge har ingen knaggar å hengje erfaringane sine på, og det finst vel knapt noko verre enn å ha kjærleikssorg for første gong, eller føle at det ikkje finst plass til deg i flokken når du er femten, og alt du vil, er å høyre til. Heldigvis for Alex har ho bandet og musikken. Men eg hadde lyst til å skrive om desse heftige kjenslene, og det var verkeleg gøy å tenkje ut alle scenene som kan utspele seg mellom opprørte tenåringar som er i konflikt med kvarandre, samtidig som hjartet mitt blør for Alex. Dessutan tenkte eg det var litterært interessant å ha med Mika, ein karakter som står midt i prosessen med å byte kjønn. Eg ville utforske det som ikkje enkelt let seg definere eller plassere, det som fell utanfor normen, slik både Alex og Mika gjer på ulikt vis.

 – Tre barnebok-favoritter:

– Eg har lese mykje høgt for ungane mine, og bøkene til dansken Jakob Martin Strid har vore gjengararar heime ho oss, t.d. Den kjempestore pæra, Da Lille Larsens hus blåste bort og bøkene om Mumbo Jumbo. Elles liker både åtteåringen min og eg teikneserien Spøkelsesvenn av Michelle Tolo. Eldsteguten, som no er 11, elska bøkene om Jakob og Neikob av Kari Stai då han var liten. Det litt absurde konseptet med ein positiv og ein negativ karakter, teikna i blått og raudt, var ein fulltreffar. Han kjøpte premissen med ein gong og dikta med eller fann på eigne replikkar. Genial å lese høgt.

 – Sjekk ut:

Alle har en bakside av Anna Fiske. Det er kanskje ikkje hennar nyaste bok, men illustrasjonane får både eg og ungane til å le. Denne treffer alle aldrar, samtidig som ein kan håpe at boka kan vere med på å bevisstgjere ungane på mangfaldet av kroppar.

 – Hvordan jobber du?

– Eg drøymer om å vere ein person som jobbar på, jamt og trutt, men sanninga er at eg jobbar mest effektivt under tidspress. Gje meg ein deadline, og eg vil til slutt begynne å jobbe. Men eg prøver å endre meg og les stadig sjølvhjelpsbøker om korleis slutte å prokrastinere og skape produktive rutinar. Eg har skjønt såpass at det gjeld å få rumpa på stolen og berre setje i gang å skrive, og ikkje berre dagdrøyme eller tenkje på at ein skal skrive, for det perfekte tidspunktet kjem aldri, i alle fall ikkje med tre ungar og eit hus i konstant kaos.

 – Din egen favorittillustrasjon?

– Eg ser tydeleg for meg fleire av illustrasjonane til Vivian Zahl Ohlsen, som var høgaktuell då eg vaks opp på åttitalet. Skal eg velje berre éin, blir det den skrikande ungen i grøn selebukse som sit på golvet med dei velta klossane rundt seg, og som prydar framsida på klassikaren Barnas egen sangbok. Den teikninga er ein del av barndommen for meg.

 – Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg hadde mange store lesaropplevingar som barn, men eg vil trekkje fram Guro frå serien til Anne Cath. Vestly. Guro bur saman med mamma Erle i ei blokk på Tirilltoppen, der Erle er vaktmeister. Det er særleg det fine forholdet mellom Guro og Erle som sit igjen hos meg. Respekten Erle viste for Guro sine tankar og kjensler var så fint skildra, og ikkje minst gjorde det inntrykk kor mykje Erle kjempa med den store fyrkjelen i kjellaren i blokka. Eg hadde aldri budd i blokk og veit framleis ikkje heilt kva ein fyrkjele er, men eg skjønte kor tøff Erle var då ho meistra den.

 – Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Buffy By, skapt av Ingeborg Arvola, kunne gjerne vore med meg heim på middag ein dag. Det hadde sikkert blitt eit artig møte, så full av påfunn, pågangsmot og humor som ho er.

 – Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Hadde du spurt meg som barn, ville eg ha svart Simone fra Ulf Starks bok Jeg tar sjansen. Ein åttitalsklassikar dette også, men eg hugsar kor tøff Simone var, at ho berre stod i å bli tatt for å vere gut, at ho ikkje var redd for å slåst, og kor spennande det blei med alle forviklingane då ei jente forelska seg i ho. Ei god historie fortald på ein rå og ekte måte, som eg framleis liker svært godt.

 – Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Realistiske, heilskapte karakterar med hjarte, men også feil og utfordringar, og eit par skikkeleg fæle antagonistar som skaper masse trøbbel for hovudpersonen.

 – På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Harry Potter kan du få gratis av meg, så då blir båttur med Pippi!