Drift og draum i heite Hardanger

STILSIKKER: Marit Eikemos første novellessamling er god og er meir lett og ledig enn romanane. Foto: Samlaget

Marit Eikemo har skrive breie, folkelege og snakkande noveller som bør treffe ut over lokalbefolkninga. 

Marit Eikemo hadde ei av dei beste novellene i antologien Hjemlandet (redigert av Geir Gulliksen og HKH Mette-Marit), og dette er også eit høgdepunkt i hennar nye bok, Hardanger. Dette er Eikemos første novellesamling etter mange godt lesne romanar, og ho får til formatet. Kanskje fordi ho er heime også her – ikkje berre i middelklasse-Bergen?

Forfattaren har ein eigen evne til å skriva fram gnisten i folk og ikkje sjeldan er han


Marit Eikemo:
Hardanger
Skjønnlitteratur
Samlaget
172 sider

driven fram av minne og eit møte ein gong, ei lengt etter noko eller nokon – eller berre tronga til å sprenge seg ut over dei normale grensene som er på slike stadar langs ein fjord. Folk kjem godt ut av Hardanger.

Brokeback mountain på Dronningstien

I enkelte noveller kjem dei også godt ut av det med kvarandre, sjølv om eg vil halde på at det ikkje er mogleg å skriva om tilsynelatande heterofile karars homofile sex på fjellet etter Annie Proulx meisternovelle Brokeback mountain. Og når vi først har blikket der: Forfattarar (og filmfolk) må slutte å etterlikna sluttscena der den eine cowboyten reiser heim til den andre cowboyens foreldre, opnar klesskåpet på guterommet og luktar på skjorta han hadde i fjellet, gnir ho mot ansiktet. Det er ikkje lov å lukte på kleda til ein du saknar på mange år frå no av.

Likevel er det noko sympatisk over bejæret som gjer at det går som det går for dei to som skal inspisera Dronningstien. Eikemo har eit fint blikk for det menneskelege.

Og som om om det er nok eit nikk til Annie Proulz: Siste novelle i denne boka heiter Ei sjel og ei skjorte men novella er ikkje ei lukt-novelle, heller ei forteljing om arv og kva som går frå gard til gard og generasjon til generasjon – ja, det også.

Marit Eikemo viser fram vaksne karar og vaksne kvinner og det politiske i fleire av historiene i denne boka er korleis kvinnfolk blir køyrd inn i menns mønster, korleis dei blir på gardane når dei har kome dit og ikkje får med seg noko særleg når dei vil ut av ekteskap. Tradisjon fangar.

 

Regjeringas draum

Fleire av handlingane i Hardanger må vere ein våt draum for kulturminister Trine Skei Grande og sittande regjering. Her driv folk med kulturnæring i stor skala, frå å laga lokale talkshow som alltid er utselde, til massic ciderproduksjon og blogging. Eikemo har eit skrått blikk på fleire av verksemdene, men ho latterleggjer ikke.

Akkurat som i ei anna berømt bok frå Odda, Frode Gryttens Bikubesong, er hendingar knytta saman. Nokre motiv og folk dukkar opp her og der i andre noveller og det har gjerne hendt noko med menneska, det har vore ei utvikling – slik det må vere i litteratur. Derfor kunne Eikemo og Samlaget godt ha kalt denne novellesamlinga ein (kollektiv) roman, slik Grytten gjorde, men det episodiske, novellistiske, kunne forsvunne da.

Eg les gjerne fleire novellesamlingar frå Marit Eikemo. Gjerne frå Hardanger.

VIDAR KVALSHAUG