Det starta med smugrøyking

Trude Tjensvold (Foto: Kristin Aafløy Opdan)

BARNEBOKPROFIL: Trude Tjensvold skulle eigentleg skrive litt om smugrøyking. Så trådte Jenny fram.

Trude Tjensvold har lang erfaring som illustratør og bildekunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Denne hausten er hun aktuell med ei teikneserieroman om å miste seg sjølv.

 

 

Forfatter: Trude Tjensvold

Aktuell med: Raud volvo (Samlaget)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Det var litt tilfeldig, eigentleg. Skulle skrive litt om smugrøyking, men så tok det eine det andre og eg blei så interessert i hovedkarakteren min, Jenny, at ei tynn lefse blei ei heil bok.

Tre barnebok-favoritter:

– Berre tre!? Eg har mange fleire! Men her er eit (noko tilfeldig) utval: Hysj av Magnhild Winsnes, Jakob og Neikob av Kari Stai og Brune av Håkon Øvreås.

Sjekk ut:

Er det noen der? Av Kjersti Lofthaug og Steinar Sørlle. (Ei lita, gøymd perle!)

Hvordan jobber du?

– Eg er ikkje så veldig systematisk av meg. Men med denne boka har eg jobba ganske parallelt med tekst og bilde. Andre gongar har eg skrive ut teksten før eg går i gong  med illustrasjonane. Når det gjeld tektst/handling, prøver eg meg litt fram – skriv litt her og der og ser kva det blir, eller om det i det heile blir noko som er liv laga.

Din egen favorittillustrasjon?

– Øyvind Torseter sine illustrasjonar, f eks frå Muleuniverset eller Tove Jansson sine stemningsfulle teikningar frå Mummidalen. Igjen; her kunne eg jo ha laga ei lang liste!

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Frendelaus av Hector Malot. Kom meg aldri heilt til hektene etter den. I tillegg: ei liknande om eit hittebarn frå eit smuglarmiljø i Cornwall – har aldri funne igjen tittelen på den (tips mottas med takk), men har aldri gløymt boka.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Gandalf kanskje? Han hadde vore kjekk å ha i livet sitt.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Sidan vi først er i det landskapet;  Bilbo Baggins. Han har eit både kjekt og spennande liv.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Noko litt farleg. Eller skummelt? Eller mystisk?

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Ja takk – begge deler!